Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
16.10.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5953, FONNES
AUSTRHEIM
Antall stillinger
1karriere-kode
6730402Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Skipsførar i 3:3 turnus
Ferger
Vi søkjer no ein skipsførar til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i ein periode på tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bufasiliteter det døgnet ein har fri. Fjord1 dekker reisekostnader for strekningar over 30 km mellom busted og arbeidsstad. Dette gjelder ved oppstart og avslutning av arbeidsperioden, altså første og siste arbeidsdag.
Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Stillinga inneber stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke drifta i det daglege. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land.
I Fjord1 får du ein trygg arbeidsplass i eit selskap som tenkjer framover, eit samansveisa og støttande kollegamiljø, og ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom arbeid og fritid.
Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg!
Ønskjeleg med snarleg oppstart. Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- Minimum D3-sertifikat
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Ferdighetssertifikat medisinsk behandling
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språk muntlig og skriftlig
Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.
Personlige egenskaper:
- Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av, byttedag mandag.
- Dekket reisekostnader for strekningar over 30 km mellom busted og arbeidsstad.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
16.10.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5953, FONNES
AUSTRHEIM
Antall stillinger
1karriere-kode
6730402Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA