• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    14.10.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5635, HATLESTRAND
    KVINNHERAD
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6726780
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Matros i 2:2 turnus

Ferger

Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i trekantsambandet Gjermundshamn - Varaldsøy - Årsnes, pt. om bord i MF Lærdal.

På dette sambandet jobbar ein 12‑timars vakter med ei veke dag og ei veke natt, etterfølgd av to veker fri.

Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.

Fjord1 har hybel for mannskapet rett ved kaien, dersom du har behov for det. 

Her får du ein trygg og stabil arbeidsplass med ansvar, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer.

Oppstart januar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
  • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring  
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein erfaren, påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
  • Skiftordning: 12 timers vakt, 1 veke dag og ei veke natt. 2 veker på jobb og 2 veker fri.
  • Rederiet tilbyr bustad på kaien i arbeidsperioden.
  • Treningssenter og butikk i nærleiken. Gjennom velferdsordninga kan ein søkje om refusjon av treningsutgifter.
  • Reise er ikke dekket.
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    14.10.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5635, HATLESTRAND
    KVINNHERAD
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6726780
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA