• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    01.10.2022
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4769458
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 16.09.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sunnfjord kommune

Logopedar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med i logopedteamet til Sunnfjord kommune?

PPT i Sunnfjord kommune er ein spennande arbeidsplass som vil vere i utvikling og vekst  framover. Kommunen satsar på tenesta, og bygger no opp eit utøvande logopedteam for aldersgruppa 0-16 år. Gjennom kompetanseløftet kartlegg kommunen no behovet for spesialpedagogisk kompetanse. PPT vil utvikle seg i tråd med dette.

PPT består i dag av to tett samarbeidande tenester, PPT og kompetanseteamet. PP-tenesta yter tenester for barn og unge i alderen 0-16 år. PPT er heimla i barnehagelova § 33, og i opplæringslova § 5-6. Kompetanseteamet er ei støtte- og rettleiingsteneste for barn med særlege behov.

PPT er lokalisert i rådhuset i Førde. Vi har eit positivt, støttande og kollegialt arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av eldre og yngre tilsette med spesialiserte utdanningar.

Vi har ledig:
  • 2x100 % fast stilling som Logoped

Stillingane er ledige frå snarast

Arbeidsoppgåver:
  • gi logopedtenester til barn og elevar frå 0-16 år
  • rettleiing til føresette og tilsette i barnehage og skule
Kvalifikasjonar:
  • utdanning som logoped
  • kjennskap til kartleggingsverktøy og tiltak
  • rettleiingskompetanse
Ved tilsetting vert det lagt vekt på:
  • at ein kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet
  • evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt
  • at ein må kunne arbeide i team, og samtidig vere sjølvstendig og målretta
  • at ein har god norsk språkføring, både munnleg og skriftleg
I PPT har vi:
  • eit godt, trygt og sosialt arbeidsmiljø
  • engasjerte kollegaer
  • opplæringsplan for nytilsette
  • samarbeid i team
  • deltaking på relevant kompetanseheving og personalsamlingar
  • lønn etter avtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Søkar må ha sertifikat klasse B då arbeidsområdet er heile Sunnfjord kommune.   

Det må leggast fram politiattest før oppstart i stilling.

Du må søke elektronisk.

Velkomen som søkar!

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    01.10.2022
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4769458
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 16.09.2022