Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
01.10.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4769458Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 16.09.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Logopedar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med i logopedteamet til Sunnfjord kommune?
PPT i Sunnfjord kommune er ein spennande arbeidsplass som vil vere i utvikling og vekst framover. Kommunen satsar på tenesta, og bygger no opp eit utøvande logopedteam for aldersgruppa 0-16 år. Gjennom kompetanseløftet kartlegg kommunen no behovet for spesialpedagogisk kompetanse. PPT vil utvikle seg i tråd med dette.
PPT består i dag av to tett samarbeidande tenester, PPT og kompetanseteamet. PP-tenesta yter tenester for barn og unge i alderen 0-16 år. PPT er heimla i barnehagelova § 33, og i opplæringslova § 5-6. Kompetanseteamet er ei støtte- og rettleiingsteneste for barn med særlege behov.
PPT er lokalisert i rådhuset i Førde. Vi har eit positivt, støttande og kollegialt arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av eldre og yngre tilsette med spesialiserte utdanningar.
Vi har ledig:2x100 % fast stilling som Logoped
Stillingane er ledige frå snarast
Arbeidsoppgåver:- gi logopedtenester til barn og elevar frå 0-16 år
- rettleiing til føresette og tilsette i barnehage og skule
- utdanning som logoped
- kjennskap til kartleggingsverktøy og tiltak
- rettleiingskompetanse
- at ein kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet
- evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt
- at ein må kunne arbeide i team, og samtidig vere sjølvstendig og målretta
- at ein har god norsk språkføring, både munnleg og skriftleg
- eit godt, trygt og sosialt arbeidsmiljø
- engasjerte kollegaer
- opplæringsplan for nytilsette
- samarbeid i team
- deltaking på relevant kompetanseheving og personalsamlingar
- lønn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Søkar må ha sertifikat klasse B då arbeidsområdet er heile Sunnfjord kommune.
Det må leggast fram politiattest før oppstart i stilling.
Du må søke elektronisk.
Velkomen som søkar!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
01.10.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4769458Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 16.09.2022