• Företag
    Askvoll kommune
  • Ansökningstiden
    20.06.2022
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4649752
  • Se här för andra jobb från Askvoll kommune
  • Uppdaterad 01.06.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Askvoll kommune

Leiar Nærmiljøsentralen - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer no etter leiar av Nærmiljøsentralen i Askvoll kommune i 100 % fast stilling. Nærmiljøsentralen i Askvoll  koordinerer frivillig innsats og formidlar kontakt mellom menneske, lag og organisasjonar  i lokalsamfunna i Askvoll kommune. Nærmiljøsentralen skal vere ein open møteplass for innbyggarar, lag og organisasjonar, der vi ynskjer å legge til rette for eit aktivt og godt miljø for alle typar frivillig arbeid i kommunen. Nærmiljøsentralen er organisert i seksjon for Helse, med kontorstad i Sentrumsgarden. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Samarbeid med lag og organisasjonar
  • Administrere matkøyring
  • Er kontaktperson for serviceskyss i samarbeid med drosjene og lag/organgisasjonar
  • Administrator av Den kulturelle spaserstokken
  • Koordinere og administrere volontørtenesta
  • Delta i BUA prosjektet
  • Delta i regionale nettverk
  • Søknader og rapportering
  • Dataopplæring for seniorar og andre
  • Administrere bruk av «Møteplassen»
  • Sekretær for råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning som høgare pedagogisk, humanistisk, sosial – eller kulturfagleg utdanning
  • Erfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for høgare utdanning
  • God kjennskap til og interesse for arbeidet til lag og frivillige organisasjonar
  • Gode datakunnskapar og kjennskap til sosiale media
  • Gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • God evne til kommunikasjon og nettverksbygging vil bli vektlagt

  • Kunne skape gode relasjonar

  • Kreativ og løysingsorientert

  • Ivareta frivillige på ein venleg og respektfull måte

  •  Ta initiativ og kunne jobbe sjølvstendig

  •  Vere tålmodig

  •  Pålitelig og fleksibel

  •  Kjennskap til lokalsamfunnet er ein fordel, men ikkje naudsynt

  • Godt humør og positiv innstilling er andre ynskjelege eigenskapar

Vi tilbyr: 

  • Sjølvstendig stilling
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
  • Offentleg forsikring og pensjonsordning (KLP)
  • Løn etter avtale
  • Flyttegodtgjersle , jf. personalhandbok for Askvoll kommune
  • Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad

 

Politiattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing

 

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande.

 

  • Företag
    Askvoll kommune
  • Ansökningstiden
    20.06.2022
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4649752
  • Se här för andra jobb från Askvoll kommune
  • Uppdaterad 01.06.2022