Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
20.06.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4649752Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
- Oppdatert 01.06.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Askvoll kommune
Leiar Nærmiljøsentralen - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søkjer no etter leiar av Nærmiljøsentralen i Askvoll kommune i 100 % fast stilling. Nærmiljøsentralen i Askvoll koordinerer frivillig innsats og formidlar kontakt mellom menneske, lag og organisasjonar i lokalsamfunna i Askvoll kommune. Nærmiljøsentralen skal vere ein open møteplass for innbyggarar, lag og organisasjonar, der vi ynskjer å legge til rette for eit aktivt og godt miljø for alle typar frivillig arbeid i kommunen. Nærmiljøsentralen er organisert i seksjon for Helse, med kontorstad i Sentrumsgarden.
Arbeidsoppgåver:
- Samarbeid med lag og organisasjonar
- Administrere matkøyring
- Er kontaktperson for serviceskyss i samarbeid med drosjene og lag/organgisasjonar
- Administrator av Den kulturelle spaserstokken
- Koordinere og administrere volontørtenesta
- Delta i BUA prosjektet
- Delta i regionale nettverk
- Søknader og rapportering
- Dataopplæring for seniorar og andre
- Administrere bruk av «Møteplassen»
- Sekretær for råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning som høgare pedagogisk, humanistisk, sosial – eller kulturfagleg utdanning
- Erfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for høgare utdanning
- God kjennskap til og interesse for arbeidet til lag og frivillige organisasjonar
- Gode datakunnskapar og kjennskap til sosiale media
- Gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
God evne til kommunikasjon og nettverksbygging vil bli vektlagt
Kunne skape gode relasjonar
Kreativ og løysingsorientert
Ivareta frivillige på ein venleg og respektfull måte
Ta initiativ og kunne jobbe sjølvstendig
Vere tålmodig
Pålitelig og fleksibel
Kjennskap til lokalsamfunnet er ein fordel, men ikkje naudsynt
- Godt humør og positiv innstilling er andre ynskjelege eigenskapar
Vi tilbyr:
- Sjølvstendig stilling
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
- Offentleg forsikring og pensjonsordning (KLP)
- Løn etter avtale
- Flyttegodtgjersle , jf. personalhandbok for Askvoll kommune
- Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad
Politiattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
20.06.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4649752Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
- Oppdatert 01.06.2022