Ledigt jobb

Øygarden kommune

Landsbyrettleiar fosterbarn 100% fast - Familiehjelpa

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved intern tilsetjing kan det bli ledig eit vikariat. Akutelle søkjarar kan derfor også bli vurderte for dette.

Vi søkjer landsbyrettleiar forsterbarn

Vil du vere med og styrke innsatsen for barn i forsterheim? Øygarden kommune søkjer ein engasjert og kompetent fagperson som ønskjer å arbeide med barn i fosterheim og deira landsby.

Om stillinga

Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child» har Øygarden utvikla ein modell for oppfølging av barn, unge og familiar, Landsbymodellen. Modellen bygger på eit systemisk tankesett med eit spesielt fokus på kommunikasjon og samarbeid rundt barna og alle dei vaksne, både private og profesjonelle relasjonar, rundt dei. Barna og deira nærmaste, treng kloke menneske som jobbar for at heile landsbyen kring kvart barn fungerer best mogleg. 

Vi søker etter deg som er fagleg nysgjerrig, nytenkande og relasjonelt modig. Du må like høgt tempo, koordinering og trivast med å rettleie kollegaer.

Som landsbyrettleiar

Skal du følgje opp barn som bur i fosterheim etter Landsbymodellen. Du vil arbeide inn mot barna og viktige personar i landsbyen deira som  fosterforeldre, foreldre, anna nettverk, skule og/barnehage, helse o.l.

Du vil arbeide i tett samarbeid med rettleiarteamet kring barn som bur i fosterheim og barnevernstenesta si omsorgsavdeling.

Stillinga er del av Familiehjelpa sitt tverrfaglege team, og du vil samarbeide nært med både interne kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.

Arbeidsoppgåver:
  • Oppfølging av barn i fosterheim etter landsbymodellen
  • Samarbeid med barneverntenesta
  • Rapportering og dokumentasjon
  • Støtte og rettleiing til føresette
  • Tverrfagleg samarbeid i og utanfor kommunen
Kvalifikasjonar:
  • Helse eller sosialfagleg bachelorgrad, anna relevant bachelorgrad kan vurderast
  • Erfaring frå forsterheimsarbeid

Ønskjeleg kompetanse:

  • Videreutdanninga "Barn i offentleg omsorg, eit barnevernsfagleg perspektiv".
  • Erfaring med arbeid frå barnevern

Du vil få:

  • Eit fagleg og engasjert arbeidsmiljø
  • Tilhøyra eit rettleiarteam
  • Motta fagleg rettleiing/oppfølging
  • Være i tett samskaping med barneverntenesta si omsorgsavdeling
Vi treng at du;
  • jobbar sjølvstendig og i team
  • gir rettleiing individuelt og i grupper
  • tar imot fagleg rettleiing
  • har kompetanse/erfaring innan sentrale fagområde som til dømes tilknyting, traume sorg/tap
  • at du er komfortabel med arbeid i feltet og i heimar

Personlege eigenskapar vektast høgt

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt: 
  • Avdelingsleiar Line Glesnes tlf: 468 24 111

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.