Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.08.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6659018Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
SFO-leiar 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Knappskog skule har ledig ei 100 % fast stilling som SFO-leiar frå 12. oktober 2026. Stillinga er delt mellom leiing og arbeid med elevane på SFO.
Vi søkjer ein tydeleg og engasjert SFO-leiar som vil bidra aktivt i utviklinga av skulen – både fagleg og organisatorisk.
Som SFO-leiar vil du mellom anna:- følgja opp og driva SFO i det daglege
- utvikla SFO i tråd med nasjonal rammeplan
- leda pedagogisk utviklingsarbeid og bidra i utviklinga av heile skulen
- delta i det daglege arbeidet i SFO som del av grunnbemanninga, også i feriar
- rettleia tilsette og lærlingar
- vera synleg og til stades, og ha tett dialog med barn, føresette og kollegaer
- bidra aktivt i leiarteamet, i administrasjonsgruppa og i BTI-teamet (Betre tverrfagleg innsats)
- følgja opp tilsette i samarbeid med rektor
- følgja opp budsjettet i samarbeid med rektor
- godkjend pedagogisk utdanning (lærar eller barnehagelærar)
- evne til å handtera travle dagar og periodar med høgt arbeidspress
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- god digital kompetanse
- erfaring som SFO-leiar eller leiarutdanning
- kjennskap til digitale system som vert nytta i Øygarden kommune
- erfaring frå SFO og kunnskap om nasjonale føringar og rammeplan
- erfaring med psykososialt og spesialpedagogisk arbeid
- ser dei tilsette som den viktigaste ressursen
- byggjer gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette
- bidreg til eit godt arbeids- og læringsmiljø
- samarbeider godt, lyttar og rettleier
- er løysingsorientert og fleksibel
- arbeider strukturert, tek ansvar og jobbar sjølvstendig
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Rektor: Solfrid Kleiven
???? 926 61 232
✉️ solfrid.kleiven@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.08.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6659018Se her for andre jobber fra Øygarden kommune