Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
08.08.2021Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3986123Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 19.07.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Lærarar - 100% fast stilling og 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om Ressursbank skule
Ressursbank skule har som mål å dekke lengre fråvær på dei ulike barne- og ungdomsskulane i Alver kommune. For dei tilsette i Ressursbanken vil arbeidsstad variere etter behov, og arbeidsstad kan bli endra på kort varsel.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undervisning på ulike klassetrinn.
- Tilrettelegging, utarbeiding av planer og møteverksemd i tråd med retningslinjer og rutinar på den aktuelle skulen. Omfang av planlegging og tilrettelegging vil kunne variere frå oppdrag til oppdrag, ut frå lengda på oppdraget.
Kompetanse
- Godkjent pedagogisk utdanning med minimum 30 studiepoeng i eitt eller fleire av kjernefaga engelsk, norsk og matematikk.
- Brei undervisningserfaring er ønskjeleg.
- Gyldig politiattest.
Personlege eigenskapar
Fordi arbeidsstad vil variere er det særs viktig at du:
- Er fleksibel, løysningsorientert og har gode samarbeidseigenskapar.
- Har evne og vilje til å omstille deg etter arbeidsplass og arbeidssituasjon.
- Er ein tydeleg klasseleiar, har eleven i fokus og er opptatt av å skape gode relasjonar.
- Er innstilt på og innforstått med at arbeidsplass vil variere.
- Har sertifikat og disponerer bil.
Dei personlege eigenskapane vil utgjere ein viktig faktor ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Fast tilsetjing i Alver kommune (unntak: årsvikariatet).
- Høgt fagleg nivå og god oppfølging av deg som nytilsett i kommunen.
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. I tillegg kjem ein kompensasjon for kravet til ekstra fleksibilitet på kr.20.000,-/år.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
08.08.2021Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3986123Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 19.07.2021