• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    08.08.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3986123
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 19.07.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Lærarar - 100% fast stilling og 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om Ressursbank skule 

Ressursbank skule har som mål å dekke lengre fråvær på dei ulike barne- og ungdomsskulane i Alver kommune. For dei tilsette i Ressursbanken vil arbeidsstad variere etter behov, og arbeidsstad kan bli endra på kort varsel.

Arbeidsoppgåver

- Planlegging og gjennomføring av undervisning på ulike klassetrinn.

- Tilrettelegging, utarbeiding av planer og møteverksemd i tråd med retningslinjer og rutinar på den aktuelle skulen. Omfang av planlegging og tilrettelegging vil kunne variere frå oppdrag til oppdrag, ut frå lengda på oppdraget.

Kompetanse

- Godkjent pedagogisk utdanning  med minimum 30 studiepoeng i eitt eller fleire av kjernefaga engelsk, norsk og  matematikk.

- Brei undervisningserfaring er ønskjeleg.

- Gyldig politiattest.

 Personlege eigenskapar

Fordi arbeidsstad vil variere er det særs viktig at du:

- Er fleksibel, løysningsorientert og har gode samarbeidseigenskapar.

- Har evne og vilje til å omstille deg etter arbeidsplass og arbeidssituasjon.

- Er ein tydeleg klasseleiar, har eleven i fokus og er opptatt av å skape gode relasjonar.

- Er innstilt på og innforstått med at arbeidsplass vil variere.

- Har sertifikat og disponerer bil.

Dei personlege eigenskapane vil utgjere ein viktig faktor ved tilsetjing.

Vi tilbyr

- Spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.

- Fast tilsetjing i Alver kommune (unntak: årsvikariatet).

- Høgt fagleg nivå og god oppfølging av deg som nytilsett i kommunen.

- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. I tillegg kjem ein kompensasjon for kravet til ekstra fleksibilitet på kr.20.000,-/år.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    08.08.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3986123
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 19.07.2021