• Company
    Bergen kommune
  • Application deadline
    12.04.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6578870
  • Look here for other jobs from Bergen kommune
Vacancy

Bergen kommune

Lærar - Ytre Arna skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli med oss i team YA neste skuleår? Vi har ledig inntil 2 stillingar frå 01.08.26, der ein er fast og ein er årsvikariat.

Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har 40 tilsette og om lag 210 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. 4 morsmålslærarar har base hos oss, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar.

Skulen sin visjon er: «Trivsel, tryggleik og læring for alle». Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. På YA skal både elevar og tilsette oppleve medverking, motivasjon og mestring.

Hos oss blir du del av eit raust og inkluderande personalet, som er opptatt av å gjere kvarandre gode og å utvikle seg saman i profesjonsfellesskapet.
Skulen sitt leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar, som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette.

Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.

Dei ledige stillingane skal dekke alle fag på barneskulen. Kontaktlæraransvar kan bli aktuelt. Til ein av stillingane vil ITO utgjere ein stor del.

Vi er opptekne av å rekruttere medarbeidarar som vil passe inn i vårt verdigrunnlag og vår kontekst, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar

Kvalifikasjoner:

  • Godkjend grunnskolelærar for 1.-7.trinn (GLU 1-7) eller allmennlærar
  • For vikariat kan andre godkjente utdanningar for barneskule bli vurdert
  • Spesialpedagogisk kompetanse blir prioritert
  • Erfaring frå arbeid på barneskule. Ønskeleg med erfaring frå pedagogiske metodar som er sentrale for alle trinn på YA, som helhetlesing, tenkande klasserom, stasjonsarbeid med aktiv læring, storyline og forandre med varme-metodikk. 
  • God kompetanse i norsk språk er eit krav. Kompetanse i andre språk er ein fordel.
  • God digital kompetanse
  • Kompetanse i praktisk-estetiske fag, som kunst & handverk, musikk og uteskule, er ein fordel
  • Gyldig politiattest er eit krav

Personlige egenskaper:

  • Du er ein trygg, varm og tydeleg læringsleiar.
  • Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing.
  • Du ønsker å legge til rette for leik i skulen, både god frileik og pedagogisk leik.
  • Du har gode evner for samarbeid, og likar å arbeide i team og etter felles metodikk.
  • Du er fagleg engasjert og kreativ, fleksibel og robust.
  • Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

  • Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Dyktige kollegaer og eit inkluderande og svært godt arbeidsmiljø 
  • IA-bedrift og gode velferdsordningar
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
 

  • Company
    Bergen kommune
  • Application deadline
    12.04.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6578870
  • Look here for other jobs from Bergen kommune