Ledig stilling

Stavanger Kommune

Pedagogisk leiar

Er du utdanna barnehagelærar/førskulelærar og ønskjer å vere med og forme framtida, samstundes som du er den varme og tydelege vaksne som møter barna våre kvar dag? Då bør du søkje stillinga som pedagogisk leiar ved Ombo oppvekstsenter.

Om arbeidsplassen
Ombo oppvekstsenter er ein liten, men mangfaldig arbeidsplass med barnehage, SFO og barneskule samla under eitt tak. Me har to aldersblanda klassar med totalt 19 elevar frå 1.–7. trinn, og til saman 10 engasjerte tilsette i barnehage, skule og SFO som saman skaper eit trygt og utviklande miljø for barn og elevar.

Oppvekstsenteret ligg på vakre Ombo – den største øya i Stavanger kommune – midt i Ryfylke sitt øyparadis. Her er naturen tett på, og gir unike moglegheiter for varierte aktivitetar i barnehagen.

Kvalifikasjoner:

  • Godkjend barnehagelærarutdanning.
  • Evne til å gi personalet på avdelinga ei tydeleg kjensle av retning, inspirere og fordele oppgåver slik at avdelinga og barnehagen sine mål blir nådde.
  • Kan samarbeide godt med andre; deler kunnskap, erfaringar og informasjon, og støttar andre for å nå avdelinga og barnehagen sine mål.
  • Har interesse for og forståing av samfunnsoppdraget og fagområdet.
  • Personlig egnethet og referansar vil bli lagt stor vekt på i ansettelsen.

Personlige egenskaper:

  • Du er innstilt på samarbeid og har evne til å arbeide i team.
  • Du er fleksibel og har godt humør.
  • Du har gode evner til å byggje relasjonar og trivst saman med barn.
  • Du er oppteken av barnets tryggleik, der utvikling og læring står i sentrum.
  • Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert.
  • Vi er ei lita personalgruppe, noko som stiller høge krav til kvar enkelt. Ein må ha gode relasjonelle ferdigheiter.

Vi tilbyr:

  • Moglegheiter for å forme eiga arbeidshverdag etter interesser og kompetanse.
  • Eit engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Løn i samsvar med KS hovudtariffavtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd (IA-bedrift).
  • Stavanger kommune har eit generelt tillegg til pedagogiske leiarar på kr 41 000 årleg.
  • Pedagogiske leiarar med utdanning som barnehagelærar får i tillegg eit arbeidsstadstillegg på kr 50 000 per år. Dette gjer vi for å rekruttere og behalde kompetent arbeidskraft på dei ikkje-landfaste øyane i Finnøy kommunedel.