Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
09.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4662862Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 24.06.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Lærar med kompetanse i teiknspråk
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
100% fast stilling som lærar med kompetanse i teiknspråk
Om stillinga
Sogndal opplæringssenter blei oppretta 1.1.2020 og har ansvaret for all vaksenopplæring etter Opplæringslova, Integreringslova og Introduksjonslova i Sogndal kommune. Opplæringssenteret har 14 tilsette og om lag 90 deltakarar som får opplæring. Undervisninga går føre seg i Balestrand, Leikanger og Sogndal. Sogndal opplæringssenter har no ledig 100% fast stilling som lærar med kompetanse i teiknspråk, der opplæring i teiknspråk vil vere ein del av stillinga.
Arbeidsoppgåver:
· Planlegge og gjennomføre opplæring og oppfølging av elev med trong for teiknspråk
· Samarbeid med andre aktuelle instansar
· Norskopplæring, grunnskuleopplæring eller spesialundervisning for vaksne
Kvalifikasjonar:
· Vi søker etter lærar med kompetanse i teiknspråk og gjerne spesialpedagogisk kompetanse.
· Formell kompetanse i norsk og/eller utdanning/erfaring frå opplæring av minoritetsspråklege elevar er ein fordel
Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
· Gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ
· Evne til samskaping og bidra inn i profesjonsfellesskapet
· Kreativ og utforskande
· Fleksibel, tilpassingsdyktig og utviklingsorientert
· Empatisk og ha evna til å sjå heile mennesket
Me tilbyr:
• Ein spanande jobb i skular med innbydande nærmiljø som opnar opp for praktisk og variert undervisning
• Fagleg fellesskap i og utanfor klasserommet. Spanande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende
• Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
• Gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
09.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4662862Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 24.06.2022