Ledig stilling

Ål Kommune

Lærar

Offentlig forvaltning

Vi har behov for lærar i inntil 100% mellombels stilling ved Nedre-Ål skule frå snarast mogleg ut skuleåret 26/27.

Vi søkjer lærar som brenn for å utvikle praksisnær, leikbasert, spennande og innovativ undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Det er behov for lærar på 2. og 6. trinn, og med undervisningskompetanse i norsk.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
  • Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor.
  • Ønskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk.

Personlege eigenskapar:

Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som: 

  • Brenn for læraryrket og ønskjer å bidra til god læring for elevane.
  • Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
  • Ser på leik som viktig og som ein god metode i undervisninga.
  • Ønskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
  • Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.

Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.  Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr:

  • Arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø. 
  • Rettleiing i to år for nyutdanna lærarar. 
  • Engasjerte og dyktige skuleleiarar. 
  • Skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
  • To-lærarsystem ved fleire av skulane.
  • Miljørettleiarar ved skulane.
  • Hjelp til å finne bustad.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.
  • Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss.