Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
26.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6592639Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Lærar
Offentlig forvaltning
Vi søkjer ein lærar som brenn for å utvikle spennande, innovativ og praksisnær undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Vi treng ein lærar som er gode på klasseleiing, relasjonsbygging og samarbeid, som har omsorg for elevane og skapar trygge gode klasse- og læringsmiljø der elevane trivst og lærer.
Det er spesielt behov for 1-7-lærar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk, og kompetanse innan begynneropplæring. Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg. Kontaktlærarfunksjon er tillagt stillinga. Dessutan kan IKT-ansvar bli tillagt stillinga.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
- Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som
- Brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane.
- Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
- Ser på leik som viktig og som ein god metode i undervisninga.
- Ønskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
- Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- Arbeidsplass med gode og utviklande arbeidsmiljø.
- Rettleiing i to år for nyutdanna lærar.
- Engasjerte og dyktige skuleleiarar.
- Skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
- To-lærarsystem.
- Miljørettleiarar ved skulen.
- Lønns- og arbeidsforhold regulert av Hovudtariffavtala.
Søknad og politiattest
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
26.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6592639Se her for andre jobber fra Ål Kommune