Ledig stilling

Ål Kommune

Lærarar

Offentlig forvaltning

Vi søkjer lærarar som brenn for å utvikle spennande, innovativ og praksisnær undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Vi treng lærarar som er gode på klasseleiing, relasjonsbygging og samarbeid, som har omsorg for elevane og skapar trygge gode klasse- og læringsmiljø der elevane trivst og lærer.

I perioden 01.08.26 -31.07.27 er det ledig inntil 100% x 2 mellombelse stillingar for lærarar ved 1-7. trinn i Ål kommune, pt Nedre-Ål skule. Kontaktlærarfunksjon er tillagt stillingane.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
  • Det er spesielt behov for 1-7-lærar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk, og kompetanse innan begynneropplæring.
  • Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg. 

Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor

Personlege eigenskapar:

Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som

  • Brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane.
  • Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
  • Ser på leik som viktig og som ein god metode i undervisninga.
  • Ønskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
  • Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.

Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.  

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr:

  • Arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø.
  • Rettleiing i to år for nyutdanna lærarar.
  • Engasjerte og dyktige skuleleiarar.
  • Skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
  • To-lærarsystem ved fleire av skulane.
  • Miljørettleiarar ved skulane.
  • Lønns- og arbeidsvilkår er regulert av Hovudtariffavtala.

Søknad og politiattest: 

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Velkomen som søkjar.