Company
Hå kommuneApplication deadline
05.11.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
4360, VARHAUG
HÅ
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5922948Look here for other jobs from Hå kommune
- Updated 26.10.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Hå kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vigrestad skule har ledig eit vikariat som kontaktlærar i 80 - 100 % stilling frå 1.2.2025. Stillinga er i utgangspunktet eit vikariat, men kan gjerast om til fast stilling frå 1.8.2025. Me søker deg som vil vera med å skapa ei engasjerande undervisning og eit trygt og godt læringsmijlø for elevane våre.
Vigrestad skule har i overkant 200 elever, fordelt på 1.- 4.klasse. Me har om lag 30 tilsette på skulen i eit triveleg arbeidsmiljø. Meir informasjon om skulen på www.ha.no/vigrestad-skule. Skulen ligg nær togstasjonen, og har eigen parkeringsplass.
Vi søker etter deg som er:
- Ein tydeleg og trygg klasseleiar
- Engasjert og deltakande i elevane si faglege og sosiale utvikling
- Flink til å skapa gode relasjonar og tryggleik.
- Kan arbeida sjølvstendig, samtidig ha evne til samarbeid med andre.
Kvalifikasjoner
- Godkjent lærarutdanning
- God IKT- kompetanse
- Personlege eigenskaper og erfaring vert vektlagt
- Personar med anna relevant kompetanse og personleg eignetheit vert og oppfordra til å søka.
Me tilbyr:
- Eit godt fagmiljø med fokus på erfaringsdeling og vidareutvikling.
- Moglegheit for etter- og vidareutdanning
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Konkurransedyktig lønn
- Fordelane som ei IA bedrift gir
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Company
Hå kommuneApplication deadline
05.11.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
4360, VARHAUG
HÅ
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5922948Look here for other jobs from Hå kommune
- Updated 26.10.2024