• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    04.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6028357
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Ledigt jobb

Øygarden kommune

Kvilande nattevakt 50% mellombels

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Straumehagen ligg sentralt på Straume og yter tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsetjingar. Det er ei tverrfagleg samansett personalgruppe.  Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvbestemming, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på. Det er ein baseleilegheit som er knytt til nokre av leilegheitene. 

Arbeidsoppgåver:
  • Tilsyn og oppfølging av bebuarane
  • Vere ein trygg kontaktperson
  • Bidra til dagleg omsorg
  • Stell og pleie
  • Medikamenthandtering
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Helsefagarbeidar
  • Ufaglærte kan også bli vurdert dersom kvalifiserte søkjarar ikkje melder seg
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skrifteleg
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå arbeid med målgruppa
Personlege eigenskapar:
  • Trygg
  • Fleksibel
  • Sjølvstendig
  • Løysningsorientert
Anna:

Stillinga er ei 76% stilling som er løna 50% grunna kviletida

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Avdelingsleiar Torill Wikse Rognskog 474 82 676

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    04.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6028357
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune