Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
27.01.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6014138Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Er du vår nye miljøarbeidar i fast stilling?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Åttringen omsorgsteam yt tenester til menneske med ulike hjelpebehov som bur i eigne bustader knytt til ein base. Det er fellesmåltid to gongar i veka og andre fellesaktivitetar i regi av basen. Turnusen har lange vakter med arbeid 4 kvar helg. I vekene er det primært seinvakter.
Om stillinga:Vi lyser no etter ei stilling og denne kan tilpassast mellom 80-100%.
Arbeidsoppgåver:- Dagleg omsorg og målretta miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
- Fagleg arbeid med observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar.
- Primærkontaktansvar, tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og kontakt med pårørande.
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
- Medikamenthandtering
- Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø.
- Dokumentasjon i fagjournal.
- Fagbrev innan helsefagleg utdanning
- Søkjar med anna relevant praksis og erfaring kan bli vurdert
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Min. aldersgrense 18 år.
- Sertifikat klasse B
- Erfaring frå arbeid med brukargruppa
- Kjennskap til Helse og omsorgstenestelova kap 9.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til nytenking og utvikling av tenesta
- Evne til samarbeid, men også å kunne jobbe sjølvstendig
- Engasjert i fagleg utvikling, og interesse for målgruppa
- Evne til å byggje relasjonar
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt
Anna:- Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Ein gjevande og meiningsfull jobb
- Startlån: https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/bustad-og-sosiale-tenester/okonomisk-stonad-til-bustad/startlan/
Avd.leiar Åttringen Vivian Kvinge tlf 55 09 73 11/ 41 41 55 21
Einingsleiar Kristin Straume tlf 99 79 95 26
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
27.01.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6014138Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Ergoterapeut 100% fast
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Helsefagarbeidar helgestilling 23% fast
Øygarden kommune
Rong -
Barne- og ungdomsarbeidar 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsesekretær 67% fast stilling.
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar/ medisinstudent i sommarvikariat
Øygarden kommune
STRAUME