Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
01.09.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6685517Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Kontaktperson i barnevernstenesta - 100% vikariat ut 2027
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med og gjere ein forskjell for barn, unge og familiar?
I Sula kommune jobbar vi etter visjonen «Vilje til å lukkast saman». No søkjer vi ein engasjert medarbeidar til eit vikariat i barnevernstenesta, der du får vere del av eit fagmiljø som arbeider for trygge oppvekstvilkår for barn og unge.
Tiltakseining for barn og unge (TBU), fagområde Barnevern, har ledig 100 % vikariat som kontaktperson med oppstart så snart som mogleg.
Tiltakseining for barn og unge (TBU) består av barnevern, helsestasjon og PPT. Barneverntenesta har avdelingsleiar og er organisert i to team; undersøking/tiltak og omsorg/ettervern. Vikariatet er knytt til team undersøking/tiltak. Intervju blir gjennomført fortløpande i utlysningsperioda.
Den som blir tilsett må ha førarkort og kunne nytte eigen bil.
Vi forventar at den som blir tilsett arbeider i tråd med Sula kommune sin BTI-rettleiar (Betre Tverrfagleg Innsats) og tek aktiv del i tverrfagleg samarbeid rundt barn, unge og familiar.
Hos oss får du arbeide i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med stor variasjon i arbeidsoppgåver, høg grad av samarbeid og moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene våre.
Kvalifikasjoner:
- Barneverns- eller sosialfagleg utdanning.
- Anna relevant høgare utdanning kan vurderast.
- Erfaring frå arbeid i barnevernsteneste og bruk av fagsystemet Visma Flyt barnevern er ein fordel.
- Arbeidserfaring frå kommunalt barnevernsarbeid.
- Relevant vidareutdanning vil bli vektlagt positivt.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Førarkort klasse B.
Personlige egenskaper:
- Du verdset samarbeid og ser styrken i å lukkast saman med kollegaer, samarbeidspartnarar og familiar.
- Du ser barn, unge og familiar i eit heilskapleg perspektiv.
- Du har gode relasjons- og samarbeidsevner.
- Du er fagleg trygg og nytenkande.
- Du arbeider sjølvstendig og strukturert.
- Du er fleksibel og handterer ein variert og til tider uforutsigbar arbeidskvardag.
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø med humor og ei positiv innstilling.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
- Eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og vilje til å lukkast saman.
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Gratis parkering.
- Tilgang til tenestebil og kompensasjon for bruk av privat bil i tenesta.
- Fleksitidsordning.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Lønn etter gjeldande tariff.
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
01.09.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6685517Se her for andre jobber fra Sula kommune
-
Einingsleiar for barneverntenesta i Øygarden kommune
Øygarden kommune
STRAUME -
Musikkterapeut 100% vikariat - Øygarden kulturskule
Øygarden kommune
STRAUME -
50 % prosjektstilling innan digital heimeoppfølging og e-helse
Ål Kommune
ÅL -
Skap trygge og gode dagar – bli helsefagarbeidar hos oss
Gol kommune
GOL -
Generell søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL