• Company
    Sula kommune
  • Application deadline
    01.09.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6685517
  • Look here for other jobs from Sula kommune
Vacancy

Sula kommune

Kontaktperson i barnevernstenesta - 100% vikariat ut 2027

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med og gjere ein forskjell for barn, unge og familiar?
I Sula kommune jobbar vi etter visjonen «Vilje til å lukkast saman». No søkjer vi ein engasjert medarbeidar til eit vikariat i barnevernstenesta, der du får vere del av eit fagmiljø som arbeider for trygge oppvekstvilkår for barn og unge. 

Tiltakseining for barn og unge (TBU), fagområde Barnevern, har ledig 100 % vikariat som kontaktperson med oppstart så snart som mogleg. 

Tiltakseining for barn og unge (TBU) består av barnevern, helsestasjon og PPT. Barneverntenesta har avdelingsleiar og er organisert i to team; undersøking/tiltak og omsorg/ettervern. Vikariatet er knytt til team undersøking/tiltak. Intervju blir gjennomført fortløpande i utlysningsperioda. 

Den som blir tilsett må ha førarkort og kunne nytte eigen bil. 

Vi forventar at den som blir tilsett arbeider i tråd med Sula kommune sin BTI-rettleiar (Betre Tverrfagleg Innsats) og tek aktiv del i tverrfagleg samarbeid rundt barn, unge og familiar. 


Hos oss får du arbeide i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med stor variasjon i arbeidsoppgåver, høg grad av samarbeid og moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene våre. 

Kvalifikasjoner:

  • Barneverns- eller sosialfagleg utdanning.  
  • Anna relevant høgare utdanning kan vurderast. 
  • Erfaring frå arbeid i barnevernsteneste og bruk av fagsystemet Visma Flyt barnevern er ein fordel. 
  • Arbeidserfaring frå kommunalt barnevernsarbeid. 
  • Relevant vidareutdanning vil bli vektlagt positivt.  
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. 
  • Førarkort klasse B.  

Personlige egenskaper:

  • Du verdset samarbeid og ser styrken i å lukkast saman med kollegaer, samarbeidspartnarar og familiar. 
  • Du ser barn, unge og familiar i eit heilskapleg perspektiv. 
  • Du har gode relasjons- og samarbeidsevner. 
  • Du er fagleg trygg og nytenkande. 
  • Du arbeider sjølvstendig og strukturert. 
  • Du er fleksibel og handterer ein variert og til tider uforutsigbar arbeidskvardag. 
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø med humor og ei positiv innstilling. 

     Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.  

Vi tilbyr:

  • Eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og vilje til å lukkast saman.  
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver.  
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.  
  • Gratis parkering.  
  • Tilgang til tenestebil og kompensasjon for bruk av privat bil i tenesta.  
  • Fleksitidsordning. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 
  • Lønn etter gjeldande tariff.     
 

  • Company
    Sula kommune
  • Application deadline
    01.09.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6685517
  • Look here for other jobs from Sula kommune