Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
10.05.2026Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6602228Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Kontaktperson
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord kommune ligg midt mellom Bergen og Ålesund og har om lag 22 400 innbyggarar. Kommunen vart etablert i 2020 gjennom samanslåing av fire kommunar. I 2024 vedtok kommunestyret planen «Saman om EIN god oppvekst» – ein førebyggande plan for barn og unge som legg føringar for tverrfagleg samarbeid og heilskaplege tenester i kommunen.
Vil du vere med å gjere ein forskjell? Vi søker deg som er engasjert i barn og unge sin oppvekst, og som ynskjer å bidra til trygge og gode livsvilkår for barn og familiar i Sunnfjord. Du tør å stå i krevjande situasjonar, bygge relasjonar og møte menneske i sårbare livssituasjonar med respekt og tydelegheit.
Sunnfjord barnevern har 29,5 årsverk og har arbeidsstad på rådhuset i Førde. Vi er organisert etter ein spesialistmodell med eit undersøkingsteam, oppfølgingsteam og omsorgsteam. I tillegg har vi eit eige familieteam (tiltaksteam) og ein kontorfagleg stab som tek i vare administrative funksjonar.
Vi har ledig:- 100 % fast stilling som kontaktperson
- 100 % vikariat som kontaktperson, til og med 01.08.27
Begge stillingane er per i dag knytt til oppfølgingsteamet.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:- sakshandsaming etter barnevernlova og anna relevant regelverk
- utarbeide og følgje opp tiltaksplanar, og evalueringar som eit verktøy i det faglege arbeidet
- samtalar og oppfølging av barn, ungdom og familiar med hjelpetiltak
- tverrfagleg samarbeid og koordinering av arbeidet med aktuelle instansar
- dokumentasjon av arbeidet i fagsystemet Modulus Barn
- førebu saker for og møte som partsrepresentant i Barnevern- og helsenemnda og andre rettsinstansar
- samarbeide med andre team i tenesta og eksterne instansar
- delta i saksgjennomgang, rettleiing og anna kompetanse- og fagutvikling i tenesta
- akuttarbeid
Noko reiseverksemd og arbeid utover vanleg arbeidstid (ettermiddag-/kveld) må påreknast.
Kvalifikasjonar:- bachelor i barnevern eller sosialt arbeid
- anna relevant bachelor kan vurderast ved relevant erfaring
- erfaring frå første- eller andrelinje barnevern er ynskjeleg
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
- arbeidar strukturert og målretta, både sjølvstendig og i team
- har god relasjonskompetanse og evne til fagleg refleksjon
- utfører arbeidet med respekt for barn og deira familiar
- har gode samarbeidsevner, arbeidar løysingsorientert og er trygg i møte med komplekse situasjonar
- tek barns medverknad på alvor
- har god arbeidskapasitet og handtera høgt arbeidstempo, samtidig som du har god oversikt
- tek ansvar for eigne oppgåver og deltek aktivt i å skape eit godt og utviklingsfremjande arbeidsmiljø
- har gode IKT-kunnskapar og handterer dokumentasjonsarbeid i digitale fagsystem på ein strukturert og nøyaktig måte
- rettleiing – både individuelt og i gruppe
- fagleg utvikling og gode moglegheiter for kompetanseheving/vidareutdanning
- eit sterkt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20.000,-
- gode pensjonsordningar
Krav om gyldig politiattest før start i stillinga.
Du søker elektronisk.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, eller kulturell bakgrunn.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
10.05.2026Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6602228Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune