Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.05.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6599309Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Kontaktperson i Barnevernstenesta - vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Barneverntenesta er organisert saman med skule, barnehage, helsestasjon og PPT under kommunalsjef for Oppvekst. Barneverntenesta omfattar 57 stillingar og er inndelt i team. I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane skal gjennomsyre kommunen sitt samla tenestetilbod.
I vår barnevernsteneste står nytenking og kontinuerleg utvikling sentralt, som skal gjenspeglast i kvalitetsarbeidet vårt. Vi ser stor verdi i individuell tilpassing i utøvinga av samfunnsoppdraget vårt og ønskjer å vere ein god samarbeidspartnar der fleire instansar samarbeider og deler ansvar i møte med sårbare familiar. Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child», har Øygarden utvikla ein systemisk modell for oppfølging av familiar. Landsbymodellen legg vekt på samarbeid, systematikk og skreddarsydde løysingar, med barnet sitt behov i sentrum.
Barnevernstenesta legg stor vekt på eit fagleg sterkt miljø, der vi leverer gode og kvalitativt sterke tenester til barn og familiar i ei lærande organisasjon. Vi vil vere stolte av arbeidet vårt, og vår grunnleggande haldning er at barn og familiar er ekspertar på eigne liv – barn skal bli høyrde, og deira meiningar skal kome tydeleg fram i alle prosessar.
Om stillingaVi søker deg som vil jobbe i ei barnevernteneste som har høg kvalitet og fokus på utviklingsarbeid.
Barnevernstenesta er i endring, og vi har medarbeidar som skal i permisjon. Dette gjer at vi har ledig mellombels stilling, for tida plassert i omsorg barn. Vi ser derfor etter ein ny engasjert kollega som vil vere med å styrkje laget vårt og bidra til å gje barn, unge og familiar i kommunen den støtta dei treng.
Vi søkjer medarbeidar til arbeid med omsorg.
Er du
- engasjert i heilskapleg tenking kring barn og familiar?
- fleksibel og løysingsorientert?
- glad i å spele på lag og oppteken av å vere ein god lagspelar?
Då treng vi deg i teamet vårt!
Arbeidsoppgåver
Sakshandsaming etter lov om barnevern.
Tverrfagleg samarbeid.
Fremje og føre sakar for Barneverns- og helsenemnda og anna rettsinstans.
Arbeidsoppgåvene skal utførast innan fleksibel arbeidstid. Arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.
Kvalifikasjonar
Må ha
3- årig relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan utdanningane barnevern og sosionom.
Annen utdanning og erfaring kan i særskilte tilfeller erstatte kravet om 3-årig relevant høgskuleutdanning.
Gyldig politiattest ved tiltreding.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Førarkort klasse B.
Ønskjeleg med
Relevant vidareutdanning.
Erfaring frå 1.linje barnevern.
Erfaring med arbeid med barn, unge og familiar.
Eigenskapar
Du møter barn og deira familiar med respekt, audmjuke, samarbeid og kjærleik.
Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner.
Du evner høgt arbeidspress og arbeid etter lovpålagte fristar.
Du evner å kunne jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i team.
Det vert lagt vekt på kven du er som person og korleis du passer inn i personalgruppa vår.
Anna
Stillinga er ledig frå 15.05.26.
Vikariat med varigheit til 31.12.26.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- IA bedrift.
- Fleksitidsordning.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer i eit godt fagmiljø.
- Interessante utfordringar.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
Kontakt:
Einingsleiar Hege Gundersen tlf: 934 84 846 evt.
Hege.Gundersen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst moglelg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.05.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6599309Se her for andre jobber fra Øygarden kommune