Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
04.11.2021Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4157057Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 15.10.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Kommunikasjonsrådgjevar - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
- Er du ein dyktig kommunikator, som forstår korleis kommunikasjon kan gjere ein forskjell og bidra til å nå mål?
- Er du ein som motiverer og begeistrar dei du jobbar med?
- Blir du sjølv motivert av å gjere kvardagen enklare for dei som bur og jobbar i ein kommune?
Då er vi på jakt etter deg!
Vi søkjer ein kommunikasjonsrådgjevar i 100 % stilling til vårt dyktige kommunikasjonsteam.
Om arbeidsstaden
Som kommunikasjonsrådgjevar blir du ein del av avdelinga for innbygjarservice og kommunikasjon - med 11 tilsette. I tillegg får du jobbe ilag med leiarar og utviklingsressursar i heile kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Leie arbeidet med å styrke og vidareutvikle Alver kommune sin internkommunikasjon
- Planlegge og publisere innhald i alle kommunen sine kanalar - på intranett, nettsida og sosiale medier
- Fotografere og produsere enkle informasjonsfilmar
- Gje kommunikasjonsfaglege råd til leiarar i heile kommunen
- Bidra til kurs og opplæring av leiarar og tilsette
Kompetansekrav
- Høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk eller andre relevante fag
- Har fleire års erfaring frå kommunikasjonsarbeid - gjerne internkommunikasjon
- Er ein god formidlar - både munnleg og skriftleg
- Har erfaring med publiseringsverktøy for nettsidar
- Har erfaring med foto, film og redigering
- Har erfaring med å leie og delta i prosjektet
Vi jobbar med å digitalisere fleire av tenestene våre. Er vi heldige, har du i tillegg kunnskap om tenestedesign og brukarstyrt utvikling og kommunikasjon.
Personlege eigenskapar
- Er kreativ, sjølvstendig, systematisk og effektiv
- Har stor arbeidskapasitet og - lyst
- Uredd og empatisk relasjonsbyggjer og lagspelar
- Strategisk tilnærming til og god rolleforståing for kommunikasjon
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Eige kontor
- Arbeidstelefon
Vi kan i tillegg lokke med:
- Eit energisk arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Varierte arbeidskvardagar
Har du spørsmål om stillinga?
Ta kontakt med Silje Andvik Hoaas, avdelingsleiar for innbyggjarservice og kommunikasjon, på mobil 45 66 21 14 eller e-post silje.andvik.hoaas@alver.kommune.no
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
04.11.2021Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4157057Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 15.10.2021