• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    04.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4157057
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 15.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Kommunikasjonsrådgjevar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

  • Er du ein dyktig kommunikator, som forstår korleis kommunikasjon kan gjere ein forskjell og bidra til å nå mål?
  • Er du ein som motiverer og begeistrar dei du jobbar med?
  • Blir du sjølv motivert av å gjere kvardagen enklare for dei som bur og jobbar i ein kommune? 

Då er vi på jakt etter deg!

Vi søkjer ein kommunikasjonsrådgjevar i 100 % stilling til vårt dyktige kommunikasjonsteam. 

Om arbeidsstaden

Som kommunikasjonsrådgjevar blir du ein del av avdelinga for innbygjarservice og kommunikasjon - med 11 tilsette. I tillegg får du jobbe ilag med leiarar og utviklingsressursar i heile kommunen. 

Arbeidsoppgåver

  • Leie arbeidet med å styrke og vidareutvikle Alver kommune sin internkommunikasjon
  • Planlegge og publisere innhald i alle kommunen sine kanalar - på intranett, nettsida og sosiale medier 
  • Fotografere og produsere enkle informasjonsfilmar
  • Gje kommunikasjonsfaglege råd til leiarar i heile kommunen 
  • Bidra til kurs og opplæring av leiarar og tilsette

Kompetansekrav

  • Høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk eller andre relevante fag
  • Har fleire års erfaring frå kommunikasjonsarbeid - gjerne internkommunikasjon
  • Er ein god formidlar - både munnleg og skriftleg
  • Har erfaring med publiseringsverktøy for nettsidar
  • Har erfaring med foto, film og redigering
  • Har erfaring med å leie og delta i prosjektet 

Vi jobbar med å digitalisere fleire av tenestene våre. Er vi heldige, har du i tillegg kunnskap om tenestedesign og brukarstyrt utvikling og kommunikasjon. 

Personlege eigenskapar

  • Er kreativ, sjølvstendig, systematisk og effektiv
  • Har stor arbeidskapasitet og - lyst
  • Uredd og empatisk relasjonsbyggjer og lagspelar
  • Strategisk tilnærming til og god rolleforståing for kommunikasjon 

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Eige kontor
  • Arbeidstelefon 

Vi kan i tillegg lokke med: 

  • Eit energisk arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Varierte arbeidskvardagar

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med Silje Andvik Hoaas, avdelingsleiar for innbyggjarservice og kommunikasjon, på mobil 45 66 21 14 eller e-post silje.andvik.hoaas@alver.kommune.no

 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    04.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4157057
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 15.10.2021