Vacancy

Sunnfjord kommune

Jurist

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ønske å tilsette:

  • 1 – 2 juristar hos Kommuneadvokaten

Vi har behov for juridisk kompetanse, og vurderer å tilsette inntil to nye medarbeidarar. Stillinga høyrer for tida til eininga Kommuneadvokaten. I stillinga vil du jobbe tett mot leiinga og ta del i viktige avgjerdsprosessar for utviklinga av kommunen. Det kan også vere aktuelt med prosedyre for domstolane. 

Arbeidsoppgåvene blir tilpassa etter interesser og kvalifikasjonar. Vi er særskilt ute etter erfaring og interesse for offentleg anskaffingar, kontraktrett eller barnevernrett.

Det kan vere moglegheit for autorisering som advokatfullmektig.

Kvalifikasjonar:
  • mastergrad i rettsvitenskap eller juridisk embetseksamen frå norsk universitet
Vi søker ein medarbeidar som:
  • raskt set seg inn i nye saker og juridiske problemstillingar
  • ser verdien av å arbeide på tvers av organisasjon og fag
  • er løysingsorientert
  • er initiativrik og sjølvstendig
  • har interesse for offentlegrettslege spørsmål
  • har gode samarbeidsevner

I Sunnfjord kommune tilbyr vi fleksibel arbeidstid og gode moglegheiter til å tilpasse arbeidskvardagen. Tilsette er medlem i offentleg pensjonsording og tariffesta forsikringsordning.

Vi tilbyr konkurransedyktig løn etter kvalifikasjonar og erfaring.

Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!