Company
Kvam HeradApplication deadline
12.10.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
TemporaryIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
Spesiell sertifiseringWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6404011Look here for other jobs from Kvam Herad
Kvam Herad
Eining for samfunnsutvikling
Juridisk rådgjevar - vikariatOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vår juridiske rådgjevar går frå 1.11.2025 ut i ein 60 % permisjon og i den anledning søkjer me vikar i ein 60 - 100 % stilling. I stillinga vil du få ansvar for å levera juridisk rådgjeving internt i Kvam herad, og yte støtte til heile den kommunale organisasjonen med totalt ca. 1000 tilsette. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande, og dekkjer fleire ulike rettsområde innan kommunal forvaltning
Du må kunne jobba sjølvstendig, men vil og samarbeida med vår juridiske rådgjevar som framleis vil vera til stades i 40 % stilling, samt at du vil vera del av kommunen sitt innkjøpsteam. Stillinga innber og samarbeid med kollegaer innan alle dei ulike einingane i kommunen. Du vil bidra med kompetanse i bl.a. kontraktsrådgjeving, avtaleforvaltning, sakshandsaming og innkjøpsprosessar, og vera ein viktig del av den analytiske kompetansen i Kvam herad.
Arbeidsoppgåver
- Juridisk rådgjeving tverrfagleg i Kvam herad
- Forhandlingar og tvisteløysing
- Kontraktsrådgjeving og avtaleforvaltning
- Sakshandsaming
- Oppfølging av klagesaker
- Utarbeiding av juridiske betraktningar
- Bidra med kompetanse og leia innkjøpsprosessar etter lov om offentlege anskaffingar
- Moglegheit for foredrag og opplæring internt i kommunen
Kvalifikasjonar
- Ynskjer fortrinnsvis at du har master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen, men om ein ikkje får kvalifiserte søkjarar som er jurist kan det vera aktuelt å tilsetje rådgjevar med bachelor i rettsvitskap
- Fordel med erfaring frå offentleg sektor og offentlege anskaffingar
- Ynskjeleg med kjennskap til og forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon
- God norskkunnskap - munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse og interesse for å utvikla bruk av digitale løysingar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Er analytisk, nøyaktig og strukturert
- Samarbeider og kommuniserer godt med alle deler av organisasjonen
- Jobbar sjølvstendig og trivst med varierte arbeidsoppgåver
- Har god forståing for detaljar, samtidig som du ser heilskapen i det du jobbar med
- Har evne til å jobba under tidspress og levera som avtalt
- Har interesse for utvikling og bruk av IT-verktøy som forbetrar arbeidsprosessar
Me tilbyr
- Spennande, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver hos ein viktig samfunnsaktør som er i stor endring
- Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø der me jobber saman for å utvikla kvarandre og Kvam herad
- Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Company
Kvam HeradApplication deadline
12.10.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
TemporaryIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
Spesiell sertifiseringWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6404011Look here for other jobs from Kvam Herad