• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    05.10.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6393846
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Nav Kvam

Rettleiar i sosialtenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du kreativ, god til å samarbeida og å motivera? Då treng me deg med på laget.

Nav Kvam har ledig stilling som rettleiar i 100% fast stilling frå snarast. Stillinga er ein del av sosialtenesta ved Nav Kvam. Me er 22 tilsette ved kontoret og yter tenester til innbyggjarane i Kvam herad og samarbeider med Nav i regionen Voss/Hardanger.

Me ser etter deg som vil vera med og løysa Nav sitt samfunnsoppdrag i eit tverrfagleg fellesskap.

 

Arbeidsoppgåver

  • Førebuing og fatting av vedtak og oppfølging i tråd med sosialtenestelova
  • Tverrfagleg arbeid og oppfølging av mennenske med samansette behov
  • Opplysningsarbeid og førebygging innan tema privat økonomi med mål om økonomisk sjølvstende
  • Råd og rettleiing mot jobb og relevante kvalifiseringstiltak
  • Informasjon, råd og rettleiing knytt til Nav sine tenester
  • Råd og rettleiing i publikumsmottak og vakttelefon
  • Nav er ein organisasjon i stadig endring og nye arbeidsoppgåver må påreknast

Kvalifikasjonar

  • 3-årig høgskuleutdanning innan sosialt arbeid. Annan relevant høgskuleutdanning kan også vurderast
  • Erfaring frå rettleiingsarbeid er ei føremon
  • Erfaring med bruk av data som arbeidsverktøy og generell god digital kompetanse
  • God økonomisk forståing og interesse for privatøkonomi
  • God samhandlings- og formidlingsevne, både skriftleg og munnleg 
  • Førarkort klasse B

Det er ynskjeleg at du kan utvisa sosialfagleg skjønn, og ha økonomisk og juridisk forståing av fagfeltet

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å motivera og skapa tillit
  • Du møter andre på ein respektfull og open måte
  • Du arbeider målretta og nøyaktig i ein travel kvardag
  • Du er ein som ser ressursar og leitar etter løysingar for den enkelte
  • Du bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande oppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollega som er flinke til å samarbeida for å finna gode løysingar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

 Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette


Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    05.10.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6393846
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad