Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
19.10.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6404017Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Kvam Herad
Strandebarm fysioterapi
Fysioterapeut - 100 % driftsheimelOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein engasjert fyisoterapeut som vil driva institutt i Strandebarm?
Noverande eigar vert pensjonist 1. mars 2026 og me søkjer etter deg som vil overta. Strandebarm fysioterapi ligg vakkert til i eit kommunalt helsesenter med lege og helsesjukepleiar på Tangerås i Strandebarm, 30 min frå kommunesenteret Norheimsund. Instituttet er veldrive og har god pasienttilgang innan eit breitt felt. Det er gode arbeidsplassforhold og eit godt kollegasamarbeid med andre fysioterapeutar i kommunen. Instituttet har treningssal med MTT og tilbyr både individuell behandling og gruppetrening.
Arbeidsoppgåver
I helse- og omsorgsplanen er det eit overordna mål å skapa framtidsretta, fagleg forsvarlege og likeverdige tenester som sikrar befolkninga eit profesjonelt, tilgjengeleg og effektivt tenestetilbod. Helse- og omsorgstenesta i Kvam skal leggja til rette for at kvar enkelt kan ta ansvar for eiga helse gjennom fysisk aktivitet, sosialt fellesskap og tilrettelegging av eigen livssituasjon. Kvam herad skal nytta «moglegheitsrommet» som ligg i å dreia tenestene mot førebygging og meistring av eige liv.
Som fysioterapeut hos oss vil du få ansvar for:
- å tilby og yta ei god fysioterapiteneste basert på kunnskapsbasert praksis i høve alder, diagnose og funksjonsnivå
- oppfølging av pasientar på arenaer som er nødvendig for god og heilskapleg behandling
- å utøva fysioterapi på ein måte som fremjar aktiv behandling, samt gode og heilskaplege pasientforløp
- å medverka positivt til å løysa felles oppgåver og arbeida etter gjeldande prioriteringsnøkkel i ergo- og fysioterapitenesta
- å samarbeida med andre fagmiljø i kommunen og delta på fellesarrangement for ergo-og fysioterpitenesta
- Det er pr i dag 2 timar pr veke i det kommunale fysioterapitilbodet, og det er ønskjeleg at dette vert vidareført i avtalen med ny fysioterapeut.
Kvalifikasjonar
I vurderinga av kven som vert tildelt heimelen vert det lagt vekt på fagleg kompetanse, erfaring og personlege kvalifikasjonar som t.d. samarbeidsevne, evne til å driva sjølvstendig næringsdrift m.v., jf ASA 4313 pkt. 6.2.
Me søkjer deg som har:
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Variert erfaring som fysioterapeut
- Interesse for å utvikla framtidsretta behandlingstilbod i samsvar med vedtekne planar og framtidas utfordringar med vekt på tenester til eldre, dei med muskel- og skjelettlidingar, psykosomatiske lidingar eller innan opptrening/rehabilitering/habilitering
- Interesse for gruppetrening: kunne planleggja, iverksetja og leia aktivitetar for ulike pasientgrupper
- Kan visa til døme der du har arbeidd kunnskapsbasert og synleggjort dette gjennom dagleg praksis
- Genuin interesse for å arbeida tverrfagleg
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer deg som:
- er fagleg engasjert, vil læra og utvikla deg
- ser kva som har verdi for brukar
- samarbeider på tvers av fagfelt og spelar kvarandre gode
- deler og aukar kunnskapen din og som er open for endringar, er fleksibel og løysingsorientert
- er serviceinnstilt og engasjert
- er raus og inkluderande
Me tilbyr
Tenestetilbodet innan ergo- og fysioterapitenesta er regulert i lov og forskrift. Kvam herad sin helse- og omsorgsplan gjev retning og mål for tenestene. Ved tildeling av driftstilskot gjeld rammeavtalen ASA 4313 mellom KS og NFF.
Hos oss får du:
- Eit sterkt, engasjert og kunnskapsrikt fagmiljø
- Felles fagmøte og samhandling med heile ergo-og fysioterapitenesta
- Moglegheit for å jobba tverrfagleg med dyktige samarbeidspartnarar
- Jobb i eit veldrive og godt etablert institutt med fokus på fagutvikling
Generell informasjon
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
19.10.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6404017Se her for andre jobber fra Kvam Herad