• Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    11.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5570, AKSDAL
    TYSVÆR
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5719836
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
Ledig stilling

Mattilsynet

Inspektør til grensekontrollstasjonen Haugesund Havn, Karmøy 

Direktorater og tilsynsorgan

Grensekontrollstasjonen Haugesund Havn på Karmøy blei opna våren 2023. Grensekontrollen er godkjent for alle produktkategoriar innan animalske produkt med unntak av levande dyr. For å kontrollere varer frå tredje land har vi behov for førsteinspektør/seniorinspektør som kan jobbe ved grensekontrollstasjonen.

Du vil få ein variert arbeidskvardag, jobbe i hovudsak ved grensekontrollstasjonen, men også med andre oppgåver frå kontoret på Aksdal. Du vil jobbe i eit tverrfagleg miljø.

Avdeling Sunnhordland og Haugalandet har totalt ca 37 medarbeidarar, med kontorstad på Stord og Aksdal, kjøttkontroll i Ølen og Sandeid og grensekontrollstasjon på Karmøy.

Personlige egenskaper:

Du:

  • har bachelor eller annan høgskule eller universitetsutdanning innan relevante fagområde for eksempel matvitenskap,  biologi eller tilsvarande
  • har relevant erfaring eller kjennskap til fagområdet import og grensekontroll
  • kommuniserer tydeleg, snakkar og skriv flytande norsk og engelsk
  • har evne til å tilpasse deg nye digitale løysningar
  • har førarkort klasse B

 

For å lykkast i jobben er det viktig at du:

  • har god rolleforståing, og evnar difor å gjere gode forholdsmessige vurderingar i forvaltninga av regelverket
  • kan kombinere samarbeid internt i gruppa og på tvers av fagområde med å jobbe sjølvstendig
  • er god til å rettleie og formidle det komplekse på ein forståeleg måte, og finne løysningar
  • er fleksibel i arbeidsdagen og at du kan planlegge godt, ta gode avgjersler i ein hektisk arbeidsdag, og kan tilpasse deg endringar 
  • kan takle vaktordning med rullering i arbeidstid dag og kveld   

Personleg eignaheit og korleis du passer inn i teamet er ein viktig del av vurderinga, slik at vi saman får løyst samfunnsoppdraget vårt.

Vi tilbyr:

  • Eit fagleg sterkt felleskap på tvers av avdelingar og geografi
  • Utvikle din kompetanse innan eit spennande og komplekst fagområde
  • Fast stilling som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida frå kr.550.000 til kr 640.000 (ltr 56 - 65), for samanliknbare stillingar i Mattilsynet. 
  • Pensjons- og lånevilkår gjennom Statens Pensjonskasse 
  • Godtgjersle for ubekvem arbeidstid etter gjeldande regelverk

 

Slik søkjer du

Søknaden blir motteke elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem, Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan leggje inn søknaden. Vi ber om at du lastar inn vitnemål og attestar som vedlegg. Ver vennleg å oppgi referanser i søknaden. 

 

  • Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    11.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5570, AKSDAL
    TYSVÆR
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5719836
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet