Ledig stilling

Innlandet fylkeskommune

Vinstra vidaregåande skule - Spesialpedagog (vikariat)

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Beskrivelse

 

Vinstra vidaregåande skule har ledig inntil 100% vikariat som lærar med spesialpedagogisk kompetanse.  Det kan og bli aktuelt med undervisning i norsk for framandspråklege.

Det ligg undervisning både på yrkesfag og studiespesialisering. Det er ønskeleg at den som blir tilsett kan undervise i fleire fag.

Vi søkjer deg som

  • likar ungdom og ser alle!
  • er  god på relasjonsbygging og samarbeid
  • sjølvstendig, samarbeidsviljug og bidreg på ein positiv måte i ein delingskultur
  • god fagleg- og digital kompetanse
  • evner å planlegge og gjennomføre opplæring som sikrar  læringsprogresjon for alle elevar
  • er utviklingsorientert og reflekterer over eigen praksis og faga dine
  • har eit positivt elevsyn

Vi tilbyr

  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • godt arbeidsmiljø i trivelege omgjevnader

  • vår visjon: “gode forbilde formar framtida”
  • eit bibliotek, IKT-avdeling og kontor som er oppdaterte og yter god service til både elevar og tilsette
  • eit framoverlent kollegie som er opptatt av elevane si læring og utvikling
  • lokaler og undervisningsutsyr med høg kvalitet

 

Om stillinga

  • inntil 100% stilling som inneheld spesialpedagogikk
  • undervisning i eitt eller fleire fag.  Aktuelle fag er norsk, engelsk og matematikk
  • undervisning på både studieførebuande- og yrkesfagleg studieretning
  • tilrettelagt undervisning
  • spesialundervisning

Arbeidsoppgåver

  • undervisning
  • oppfølging av elevar
  • samarbeid med interne- og eksterne samarbeidspartnarar
  • pedagogisk- og fagleg utviklingsarbeid
  • bidra og delta i skulen sitt utviklingsarbeid

Ønskte kvalifikasjoner

  • relevant universitets- eller høgskuleutdanning innan spesialpedagogikk
  • undervisningskompetanse innan fagområde i vidaregåande opplæring
  • det vil bli lagt vekt på om du er personleg egna til stillinga

 

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.