Jarle Tveiten Transport AS

HMS- og kvalitetskoordinator 100 % stilling

HMS- og kvalitetskoordinator 100 % stilling

Transport

Jarle Tveiten Transport AS er eit transportselskap som flyttar levande fisk på bil i Noreg og utlandet. Selskapet vart etablert i 1987 og har fram til i dag utvikla seg til å bli eit av dei leiande selskapa innan denne type teneste i Noreg. Me held til i nye lokale i Norheimsund i vakre Hardanger.

 

Me søkjer deg som er engasjert i å arbeida for trygg drift, høg kvalitet og kontinuerleg forbetring 

Arbeidsoppgåver:

  • Systematisk HMS-arbeid og risikovurderingar, inkludert  opplæring av tilsette innan HMS/risiko/smittehygiene.
  • Arbeida med å vidareutvikla verksemda sine prosedyrer, instruksar og retningslinjer innan HMS. 
  • Systematisk oppfølging av internkontrollsystemet og opplæring av tilsette innan internkontroll.
  • Oppfølging av kvalitetsstandardar og sertifiseringar. Delta i revisjoner, både internt og eksternt, med tilhøyrande arbeid.
  • Bidra til å sikra etterleving av lover og forskrifter innan internkontroll og HMS.
  • Bidra inn i arbeidet med å forbetra rutiner i selskapet. Jobba med nye IT- og logistikk løysingar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du har utdanning innan HMS-arbeid/kvalitet/logistikk. Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
  • Strukturert, initiativrik og løysingsorientert og trivst med å arbeida saman med ulike delar av organisasjonen.
  • Gode IT kunnskapar.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg.

Me kan tilby:

  • Interessante og utfordrande oppgåver i eit nisjeselskap i vekst.
  • Gode moglegheiter for personleg påverknad og utvikling.
  • Konkurransedyktige lønsvilkår.
  • 7 % obligatorisk tenestepensjon (OTP).
  • Vert ein del av eit team som trivst godt i lag.
  • Nye og moderne lokale ved fjorden i Norheimsund.

For meir informasjon om stillinga: kontakt Tor Bjørn Kolltveit, tlf. 971 41 819 // tor.bjorn@jttransport.no 

Sjå meir på www.jttransport.no

Send søknad til: e-post til post@jttransport.no