Company
Øygarden kommuneApplication deadline
03.02.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6014144Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsesjukepleiar/sjukepleiar 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Barn, unge og familietenester består av 4 helsestasjonar, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom, helsestasjon for flyktningar, kommunepsykologar for barn og unge og ei familie- og rettleiingsavdeling.
Øygarden kommune har omorganisert innan integreringsfeltet for betre samhandling og er ein kommune som har lang erfaring og gode rutinar for mottak og oppfølging av flyktningar og deira familiar. Tilsette innan integreringsfeltet er svært erfarne og dyktige medarbeidarar som samhandlar godt. I flyktninghelsetenesta arbeidar det helsesjukepleiarar, miljøarbeidar og lege. Primært søkjer vi etter helsesjukepleiar, men erfarne sjukepleiarar vil også verte vurdert til stillinga.
Arbeidsoppgåver:- Helsesamtaler, konsultasjonar og oppfølging av flyktningar, og deira familiar
- Vaksinering
- Foreldrerettleiing
- Miljøfagleg rettleiing i familiar
- Undervisning i introduksjonsprogrammet
- Screening og smittesporing for TBC i samarbeid med kommuneoverlegen
- Tverrfagleg samarbeid
- Medverke til å utvikle tenesta
- Autorisert helsesjukepleiar/sjukepleiar.
- Erfaring frå mottak av flyktningar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid med kartlegging og planlegging av vaksinering
- Erfaring frå arbeid med grupper/undervisning
- Erfaring med og kunnskap om bruk av tolk
- Gode dataferdigheiter
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne
- Fagleg dyktigheit og engasjement for førebyggjande helsearbeid
- Fleksibel og endringsvillig
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til rettleiing
- Strukturert og sjølvsetndig samstundes som ein er ein god lagspelar
- Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjoner
- Då det er store avstandar i kommunen er det naudsynt at ein har førarkort og disponerer bil i tenesta.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Fleksitid
- Bilgodtgjersle
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med:
- Berit Algrøy, einingsleiar, telefon: 95208001
- Liv Hege Pedersen, helsesjukepleiar for flyktningar telefon: 95999399
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
03.02.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6014144Look here for other jobs from Øygarden kommune