Bedrift
UtlendingsdirektoratetSøknadsfrist
05.01.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5008, BERGEN
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
6480349Se her for andre jobber fra Utlendingsdirektoratet
Utlendingsdirektoratet
Helsefagleg rådgivar innanfor flyktning og migrasjonsfeltet RKV
Offentlig forvaltning
Er du på jakt etter ein variert arbeidskvardag der du får brukt kompetansen din til eit viktig samfunnsoppdrag som har innverknad på livssituasjonen til enkeltmenneske? Då er stillinga som helsefagleg rådgivar ved UDI regionkontor i Bergen noko for deg. Du blir ein del av eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og stort engasjement.
Helsefagleg rådgivar innanfor flyktning og migrasjonsfeltet
- UDI’s regionskontor Bergen -
Trur du det er tungvint og tregt i staten? Gløym det! I UDI – og særleg i Mottak og retur – er det høgt tempo og mykje aktivitet. Vi er ein beredskapsorganisasjon som blir påverka direkte av det som skjer i verda.
Det er ansvaret vårt å sikre at flyktningar og asylsøkjarar får ein stad å bu frå dei kjem til Noreg og fram til dei får svar på søknaden sin, og anten blir busette i ein kommune eller returnerer til heimlandet. Det inneber mellom anna at vi kjøper inn og følgjer opp korleis vi driv av mottaka, og utbetaler økonomiske ytingar. Vi har òg ansvar for arbeid som forebuer for busetting og assistert retur. Du blir ein del av ei matriseorganisasjon som arbeider i tverrfaglege nasjonale team.
UDI satsar stort på modernisering og utviklar tenestene våre for å møte endra brukar- og samfunnsbehov. Vi treng deg med på laget – ein som kan bidra i viktig innovasjonsarbeid og sjå dei moglegheitene teknologien opnar for. Samstundes som vi jobbar med utvikling, er det òg viktig å forvalte dagens system og løyse dei oppgåvene vi til ei kvar tid har. For å lukkast hos oss må du vere ein lagspelar med endrings- og samspelskompetanse, samstundes som sjølvstende er ei viktig eigenskap.
Regionkontoret i Bergen er ein del av Mottak- og returprosessen i UDI. Hos oss er vi 13 medarbeidarar som har ansvar for asylmottaka i Rogaland og Vestland. Dei som arbeider hos oss, er òg med i ulike tverrfaglege team der vi samarbeider med tilsette i heile landet.
Kvalifikasjoner:
Til denne stillinga må du ha
- minimum treårig helse-, sosial eller samfunnsfagleg høgskule- eller universitetsutdanning. Anna utdanning saman med solid og relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ønskeleg med:
- erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne også frå helse- eller sosialsektoren
- erfaring med sakshandsaming
- erfaring frå rettleiings- og formidlingsarbeid
- teknologikompetanse, evne å løfte blikket og bidra til utvikling og bruk av moderne verktøy i arbeidsprosessane.
- erfaring med forbetringsarbeid
- kjennskap til flyktning- og migrasjonshelse, utlendingsforvaltningen eller anna erfaring med målgruppen
Personlige egenskaper:
Personlege eigenskapar:
- analytisk, strukturert og god til å prioritere
- sjølvstendig, løysingsorientert og evnar å sjå ting i samanheng
- lagspelar med svært gode samarbeidsevner
- flink til å byggje relasjonar
- stor arbeidskapasitet og trivst med mange arbeidsoppgåver samtidig
- du er digitalt nysgjerrig og liker å setje deg inn i nye system
Vi tilbyr:
Difor bør du velje oss
Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Verdshendingar verkar direkte inn på jobben vår, og vi er vande med å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.
Vi tilbyr gode ordningar som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass – og ikkje minst dei aller beste kollegaene (meiner vi).
Stillinga er løna som rådgivar/seniorrådgivar (1434/1364) i lønnsspennet kr 680 000 – 800.000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Det blir trekt to prosent av lønna di til Statens pensjonskasse, noko som gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar.
Praktisk informasjon
Du søkjer på stillinga gjennom søknadssystemet Webcruiter. Du må fylle ut CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved dette i eige format i tillegg. Du må òg leggje ved vitnemål, som du lastar opp frå Vitnemålsportalen gjennom Webcruiter (vitnemalsportalen.no). Har du utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no), og vitnemål frå utdanninga må leggjast ved.
I Utlendingsdirektoratet er vi opptekne av mangfald. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandringsbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje hos oss.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste i samsvar med offentleglova § 25. Det er mogleg å be om å bli unnateken frå denne lista, men då må du grunngje ønsket. Dersom ønsket ikkje kan innvilgast, tek vi kontakt med deg på førehand.
I samarbeid med ekstern leverandør brukar UDI bakgrunnssjekk. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi stadfestar CV og annan
Bedrift
UtlendingsdirektoratetSøknadsfrist
05.01.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5008, BERGEN
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
6480349Se her for andre jobber fra Utlendingsdirektoratet
-
Rådgjevar/seniorrådgjevar innan mottaksoppfølging og saksbehandling
Utlendingsdirektoratet
BERGEN -
Sjukepleiar/vernepleiar 75-100% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Miljørettleiar/buoppfølgjar, 2 x 100% fast stilling
Øygarden kommune
STRAUME -
Helgestilling 15% fast
Øygarden kommune
Straume -
Ergoterapeut 100% vikariat
Øygarden kommune
Straume