Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
21.12.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6476409Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Miljørettleiar/buoppfølgjar, 2 x 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2500 årsverk. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet i tenestene.
Om avdelinga:Bustadtenesta er ei ny avdeling under Forvaltning og støttetenester. Bakgrunnen for etableringa er å samla og styrka det bustadsosiale feltet. Bustadteneste skal vera «ei dør inn» for innbyggarar som treng bustad eller buoppfølging. Avdelinga er etablert som eit toårig pilotprosjekt, og blir eit sentralt grep i kommunen si nye bustadsosiale satsing.
Avdelinga har ansvar for å behandle søknader om kommunale bustader, husbankens verkemidlar, buoppfølging til mennesker med alvorlig og samansette utfordringar, og skal også tilby tenesta etter housing first modellen. Housing first er eit toårig prosjekt som eksternt finansiert.
Målet er meir samanhengande tenester, færre mellombelse bustader – og at fleire innbyggarar får moglegheit til å meistra eige buforhold.
Om stillinga:Stillinga er for tida organisert under Forvaltning og støtteteneste
Øygarden kommune styrkjer no arbeidet med bu-oppfølging, og søkjer to engasjerte bu-oppfølgjarar i faste stillingar.
Bo-oppfølgingsteamet består pr i dag av tre prosjektstillingar som arbeider etter Housing-first modellen. Hovudoppgåva med å følgje opp personar med psykisk helse og/eller rus utfordringar, som er bustadlause eller står i fare for å bli det. Målet er varig bu-stabilitet gjennom relasjonsbasert og brukarmedverka oppfølging.
Vi søkjer no i tillegg to faste bu-oppfølgjarar skal inngå i bu-oppfølgingsteamet. Dei vil vere ein del av det faglege fellesskapet og samarbeide tett kring oppfølging av vansligstilte på bustad marknaden. Teamet skal bidra til blant anna oppfølging av personar med uavklart bustadsituasjon, som bur i mellombelse bustader, bur ueigna eller står i fare for å miste bustaden sin. Dei skal også samarbeide med nav om å finne løysingar for bustadslause i Øygarden. Arbeidet krev tett samarbeid med andre tenester som psykisk helse og rus, NAV, barneverntenesta m.m.
Arbeidsoppgåver:- Kartlegge behov for bu-oppfølging
- Planlegge og gjennomføre heimebesøk, gjerne fleire gonger i veka.
- Yte praktisk bistand for at deltaker skal kunne bu i eigen bustad.
- Omsorg og motivasjonsarbeid: Følgje opp brukarar individuelt i deira eigen bustad eller i midlertidig bustad
- Bidra i arbeidet med å skape gode bu-miljø
- Samarbeida med NAV, rus- og psykisk helse-tenester, barnevern m.fl.
- Dokumentera framgang og rapportere.
- Bidra til tenesteutvikling og implementering av nye arbeidsprosessar og rutinar
Arbeidsoppgåvane kan endrast ved behov ettersom avdelinga er nyoppretta
Kvalifikasjonar:- Ønskjeleg med høgare utdanning innan helse-, sosialfagleg eller anna relevant utdanningsbakgrunn.
- Ønskjeleg at du har erfaring med målgruppa.
- Sertifikat klasse B
- Du trivast i oppsøkande arbeid. Er praktisk anlagt og ikkje redd for å bli skitten på henda.
- Kan jobba tverrfagleg og i team.
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Inkluderande arbeidsmiljø og fleksibel arbeidstid
Avdelingsleiar Maria Yndestad tlf: 940 21 859
Einingsleiar Monica Førde Landro tlf: 958 08 536
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
21.12.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6476409Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Vernepleiar/sjukepleiar 100% vikariat
Øygarden kommune
RONG -
Helsefagarbeider 37% fast kvilande natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Legevaktoverlege, 50% fast stilling, Sotra legevakt
Øygarden kommune
STRAUME -
Ergoterapeut 100% vikariat
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar 70% natt, Kvednatunet
Øygarden kommune
Ågotnes