Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
29.12.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6482836Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar 60 til 80% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane? Vi ser etter deg som er ein engasjert og motivert helsefagarbeidar!
Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeidar i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjonevner og samarbeidsevner er gode. Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Vi søkar akkurat deg som er:
Omsorgsfull – Raus – Engasjert - Lojal
og har:
Humor – Livsglede - Mot
Kva får du hjå oss:
Som vår nye kollega vil du kunne få ei 60 til 80% fast stilling i årsturnus med 16 arbeidshelgar (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollegaer, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hjå oss vil du og ha gode pensjons– og forsikringsordningar. Du har også høve til å søke startlån utan krav om eigenkapital gjennom kommunen.
Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste! Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen
Kvalifikasjonar:Må ha:- Utdanning som helsefagarbeidar. Tilsette som er under utdanning/ venter på fagprøve eller som har kort tid igjen av læretida kan vere aktuell inn i stillinga om det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar
- Førarkort klasse B
- Erfaring frå heimetenesta er ein fordel
- Strukturert
- Evne til å halde oversikt
- Må kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg att i våre verdiar: Omsorg, livsglede, rausheit og engasjement. Du trivs med å tenkje nytt, samstundes som du tek vare på dei gode løysingane som allereie fins.
- Dersom intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Assisterande einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56160502 / 950 71 121
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
29.12.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6482836Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Øygarden kommune
Ågotnes -
Vil du jobbe ein stad du får tillit, ansvar og høve til å gjere ein forskjell?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sjukepleiar 60% og 80% fast stilling , natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 70% natt, Kvednatunet
Øygarden kommune
Ågotnes -
Sjukepleiar 75% fast stilling natt , somatisk avdeling
Øygarden kommune
Straume