• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    25.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6617863
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Helsefagarbeider, 80-100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!

Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19 har vi ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar grunna interne omrokkeringar. Arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Om ønskeleg kan stillinga aukast til 100% då med 20% flytvakt i turnus. 

Er du ein helsefagarbeidar som ønskjer å arbeide kunnskapsbasert, systematisk og personsentrert i demensomsorga? Hos oss får du høve til å bruke og vidareutvikle di faglege kompetanse i eit miljø med høg kvalitet og faglege ambisjonar.

Hos oss står mennesket i sentrum. Vi arbeider aktivt med å skape trygge, gode og meiningsfulle dager for våre bebuarar med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og livshistorie.

Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt. Avdelinga og eininga har godt omdømme.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Søknadsfrist 25.mai 2026

Kvalifikasjoner:

  • Autorisert helsefagarbeidar  
  • Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel  
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad  
  • Kjennskap til personsentrert omsorg, miljøbehandling og åtferdsforståing  
  • Gode ferdigheiter i observasjon, vurdering og dokumentasjon 
  • Gode datakunnskaper  
  • Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav

Personlige egenskaper:

VI søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesser for demensomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.

Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Vi tilbyr:

 
  • Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer  
  • God opplæring og nærleiing  
  • Mentor-ordning ved oppstart
  • Fokus på demensomsorg og fagleg utvikling  
  • Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper  
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver  
  • Gratis parkering  
  • Tillegg for relevant vidareutdanning
  •  I tillegg til tariffløn har kommuna generelle tillegg på kr 4000,-  som kompensasjon for å arbeide på helg og 20-års ans.stige.

Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    25.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6617863
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune