Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
10.08.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6668096Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Helsefagarbeider 78% fast stilling, Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!
Bukollektiva har ledig 78% stilling for helsefagarbeidar ved Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28. Arbeid på dagtid i vekedager på Seniorsenteret kombinert med arbeid kvar 3. helg ved Sloghaugvegen 28. Stillinga kan justerast til 84% då med arbeid annenkvar helg.
I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.
Seniorsenteret er dagsenter for heimebuande eldre og er ope 4 dager/veke. Det er fokus på aktivisering, relasjonsbygging, trivsel og å skape ein god arena for tenestemottakarane.
Ved Sloghaugvegen 28 har vi to avdelingar med 8 bebuarar i kvar avdeling. Bebuarane har samansett sjukdomsbilete og har behov for heildøgns omsorg. Det er nært samarbeid mellom avdelingane både fagleg og sosialt.
Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28 er lokalisert i same bygg, har felles leiing og det er nært samarbeid. Avdelinga og eininga har godt omdømme og høg trivsel.
Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Søknadsfrist 10. august 2026, tiltredelse 28. september eller anna dato etter avtale.
Kvalifikasjoner:
- Autorisert helsefagarbeidar
- Vidareutdanning og/eller erfaring med eldreomsorg kan vere ein fordel
- Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad
- Gode ferdigheiter i observasjon, vurdering og dokumentasjon
- Gode datakunnskaper
- Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav
Personlige egenskaper:
Vi ser etter deg som:
- Er kreativ og har evne til å skape engasjerande aktivitetar.
- Er sjølvgåande og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver.
- Har høg gjennomføringsevne og evnar å omsetje idear til handling.
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Har gode samarbeidsevner og samtidig kan arbeide sjølvstendig.
- Er trygg, omsorgsfull og bidreg til eit godt miljø for både tenestemottakarar og kollegaer.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
- Ei meiningsfull og variert stilling.
- Engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
- Moglegheit til å påverke og utvikle aktivitetstilbodet.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
- Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- God opplæring og nærleiing
- Mentor-ordning ved oppstart
- Fokus på eldreomsorg og fagleg utvikling
- Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper
- Varierte arbeidsoppgåver
- Gratis parkering
- Tillegg for relevant vidareutdanning
- I tillegg til tariffløn har kommuna generelle tillegg på kr 4000,- som kompensasjon for å arbeide på helg og 20-års ans.stige.
Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
10.08.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6668096Se her for andre jobber fra Sula kommune