Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
20.08.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6662074Se her for andre jobber fra Hå kommune
Hå kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ved Hå sjukeheim 3C er det ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar. Stillinga er turnus med arbeid dag/kveld og kvar tredje helg.
3C er ei langtidsavdeling for eldre bebuarar med forskjellige hjelpebehov. Hå sjukeheim er sertifisert som livsgledesjukeheim, og vi har fokus på å skape gode augeblinkar for dei som bur her.
Vi satsar på kompetanse og søkjer ein sjukepleiar som er positiv, ansvarsmedviten og påliteleg. Du må trivast med å arbeide med eldre menneske og ha fokus på individuell pleie og omsorg. Du må òg bidra til eit godt arbeidsmiljø. Hos oss blir du ein del av eit godt fagmiljø der vi legg vekt på trivsel, kvalitet og samarbeid.
Synest du dette verkar interessant, og trur du at du er den vi leitar etter? Då håpar vi at du sender oss ein søknad.
Det er sett av tid til intervju 27. august.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid innan eldreomsorg.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner.
- Fleksibel og i stand til å handtere ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag.
- Positiv, engasjert og glad i utfordringar.
- Løysingsorientert og med evne til å ta avgjerder.
- Kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer.
Personleg eignatheit vil bli lagd vekt på.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar i avdelinga.
- Gje pleie til bebuarar med ulike helsemessige behov.
- Ansvar for dokumentasjon og oppfølging i CosDoc.
- Utføre prosedyrar.
- Handtering av legemiddel.
- Samarbeide med anna helsepersonell, pårørande og leiing.
- Utføre eventuelle oppgåver delegert av leiar
Vi kan tilby
- Gode ordningar for vidareutdanning og kompetansehevande tiltak.
- Moglegheit for fagleg utvikling.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- kr. 10.000 pr år på toppen av årslønn for 100 % stilling i turnus.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.
Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.
Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
20.08.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6662074Se her for andre jobber fra Hå kommune