Vacancy

Sogndal kommune

Helsefagarbeidarar til korttid/KAD/rehab og langtidsavdelinga

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Velkommen til Sogndal, bli en del av vårt herlege team!

Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til  korttid/KAD/rehab og langtidsavdelinga ved Sogndal helse og omsorgssenter. Me skal og opne ei ny avdeling med 8 plassar hausten 2026. 

Sogndal er kjent for sin storslåtte natur og ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på utallige moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her finnes noko for alle, frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg. I tillegg har me eit aktivt sosialt miljø med mange fasilitetar og tiltak som fremmer fellesskap og trivsel. 

Kvifor jobbe i Sogndal kommune?
Som helsefagarbeidar ved Sogndal helse og omsorgssenter blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. 

Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Sjukeheimen har ei langtidsavdeling og ei korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. 

Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Hausten 2026 skal me opne ei ny avdeling for dei som treng avlastning eller ventar på eit høgare omsorgsnivå i kommunen vår. 

Me har stor breidde i oppgåver og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.  

Me har vore med på prestisjeprosjektet Tørn i regi av KS.

Målet var å finne gode og berekraftige løysingar på oppgåveutføringa i kommunen. No jobbar me med implementering og strukturendringar knytt til dette arbeidet. Du som medarbeidar vil ha moglegheit til å påverke di eiga arbeidsdagkvardag! 

Om stillingane

Sogndal helse og omsorgssenter i Sogndal kommune har ledig følgjande stillingar

  • 5 x 80-100% fast stilling som helsefagarbeidar 
  • 2x 100% vikariat som helsefagarbeidar i eit år
  • 2x 80% vikariat som helsefagarbeidar i eit år

Me har individuelt tilpassa årsturnus med ordinære vakter tredje kvar helg eller om ein ynskjer langvaktar med jobb kvar fjerde helg. Det vert lagt opp til rullering mellom avdelingane

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim.
  • Medansvar for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
  • Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
  • Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie
  • Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar
  • Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel
  • Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsorientert og positiv
  • Fagleg sterkt og er trygg i rolla som helsefagarbeidar
  • Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Takle ein variert arbeidskvardag
  • Ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
  • Endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Løn etter tariff

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med prøvetid på 6 månader. 

I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Berre søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.