• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    23.09.2024
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5873141
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar 20% fast helg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Straumehagen ligg sentralt på Straume og yter tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsetjingar. Det er ei tverrfagleg samansett personalgruppe.  Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvmedverknad, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på. Det er ein base som er knytt til to av leilegheitene.

Arbeidsoppgåver:
  • Tilsyn og oppfølging av bebuarane
  • Vere ein trygg kontaktperson
  • Bidra til dagleg omsorg
  • Stell og pleie
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Helsefagarbeidar.
  • Ufaglærte kan også bli vurdert dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar.
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå arbeid med målgruppa
  • Førarkort, klasse B
Personlege eigenskapar:
  • Trygg
  • Fleksibel
  • Sjølvstendig
  • Løysningsorientert
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Avdelingsleiar Torill Wikse Rognskog 474 82 676

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    23.09.2024
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5873141
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune