• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    06.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6538614
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Ledigt jobb

Øygarden kommune

Helgestilling 20% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenester til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Me er ein flott og tverrfagleg  samansett personalgruppe beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Arbeidsmiljøet er prega av tett samarbeid og derav stor kollegastøtte til kvarandre, noko me verdsett høgt. Me har no ein ledig 20% fast helgestilling. Stillinga er ledig frå 03.03.2026. Årsturnus ligg med ordinære vakter, og arbeid kvar 3 helg. Moglegheit for neste års turnus med lange vakter og arbeid kvar 4 helg.

Me søkjer deg som brenn for å sikra gode tenester til menneske med utviklingshemming. Du er fagleg engasjert, og liker å ta ansvar og arbeide for god kvalitet i tenesta vår i samarbeid med andre. 

 

Arbeidsoppgåver:
  • Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar
  • Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
  • Primær/sekundærkontakt - oppgåver
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.

 

Kvalifikasjonar:
  • Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

    

Ønskjeleg med:
  • Erfaring med liknande arbeid.
  • Sertifikat klasse B.

  

Personlege eigenskapar:
  • Trygg
  • Løysingsorientert
  • Fleksibel
  • Strukturert

  

Anna:
  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :  
  • 1. studieår  kr 10.000 over sentral garantiløn
  • 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
  • 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
  • Du må dokumntere kor langt du er komen i studie

Ledig frå 03.03.2026

 

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

 

Kontakt:

Avdelingsleiar Blombakkane Bustader

Daniel Savic Røed

  • Tlf: 48 99 18 64
  • Epost: Daniel.Roed@oygarden.kommune.no

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    06.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6538614
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune