Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
06.04.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6498233Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar/assistent 15-20% stilling, helg
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du bli ein av våre engasjerte medarbeidarar og vere med å arbeide i eit spanande team? Vi søkjer fleire helsefagarbeidarar, studentar innan helsefag og andre som har erfaring eller ønskje om å arbeide på sjukeheim. Vi kan tilby 15-20% fast stilling som kan aukast med fleire helger dersom ønskjeleg. Ønskje om langvakter vil bli vurdert.
Om avdelinga:Sundheimen er ein kommunal sjukeheim med heildøgnstenester. Det er 44 pasientar fordelt på to avdelingar og 5 bufellesskap, tre på somatisk og demens. 10 av 20 omsorgssbustader som ligg i nabobygget skal og driftast av Sundheimen. Sundheimen og omsorgsbustadane har langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Sundheimen er lokalisert i Skogsskiftet omlag 15 min frå Straume. Det er gratis parkering for tilsette og moglegheit for lading. Her er det stor tverrfaglegheit med lege fem dagar i veka, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, servicearbeidar, miljøarbeidar med fleire, for å prøve dekkje bebuarane sine behov.
Arbeidsoppgåver:- Heilskapleg omsorg
- Helsefaglege oppgåver, som stell og pleie og miljøarbeid,
- Ivareta pasientane sine individuelle behov.
- Avdelingsarbeid
- Dokumentasjon
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
- Autorisasjon: helsefagarbeidar
- Studentar innan helsefag
- Assistentar med arbeidserfaring innan eldreomsorg
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Interesse for å arbeide med eldre
- Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
- Er engasjert og ansvarsbevisst
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
- Er fleksibel
- Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive
- Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :
- 1. studieår kr 10.000 over sentral garantiløn
- 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
- 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
- Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gratis parkering
Avdelingsleiar, Glenn Bjærum tlf 90076112
Avdelingsleiar, Silje Skagen Heimdal tlf 96942550
Einingsleiar, Janne Thode tlf 45044569
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
06.04.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6498233Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Helsefagarbeidar til 20 % fast, Kvednatunet
Øygarden kommune
Ågotnes -
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Øygarden kommune
Ågotnes -
Sjukepleiar 70% natt, Kvednatunet
Øygarden kommune
Ågotnes -
Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast stilling
Øygarden kommune
Ågotnes -
Sjukepleiar, 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME