• Företag
    Sula kommune
  • Ansökningstiden
    03.11.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6737940
  • Se här för andra jobb från Sula kommune
Ledigt jobb

Sula kommune

Geilneset har ledige nattevaktstillingar. 

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagane. Kanskje er du vår nye kollega?

Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte, dyktige og robuste medarbeidarar- og søkjer deg med autorisasjon som helsefagarbeidar.

Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar.  I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar og arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.


Vi har ledig:


Geilneset 11:

1x 84% fast nattevaktstilling som autorisert helsefagarbeidar. Stillinga er ledig frå snarast.

1x 84 % vikariat på natt som autorisert helsefagarbeidar. Ledig frå snarast og til og med 22.08.27.

 

Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.

Geilneset 11 er ei avdeling som gir heildøgnstilbod til menneske med samansette funksjonsvariasjonar i bustadar for vaksne.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Arbeidstida er lagt til ein fast turnus på natt med 10,5- timarsvakter og arbeid kvar 3. helg.

Kvalifikasjoner:

  • Vi søkjer personar med gyldig autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Erfaring frå liknande arbeid er føretrekt.
  • Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk.
  • Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan.
  • Datakunnskap.
  • Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
  • Krav om førarkort klasse B.
  • Politiattest. 
  • Oppgje referanse.

Personlige egenskaper:

  • Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med menneske.
  • Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tole stress. 
  • Arbeide systematisk etter rutinar. 
  • Bidra til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving. 
  • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Eit positivt og engasjert fagmiljø.
  • Kompetanseheving og fagleg utvikling.
  • Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
  • 20 års ansiennitetsstige
  • God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
  • Lokalt tillegg for helsepersonell. Kr 6500 for helse- og/eller sosialfagleg utdanning, kr 5000 for helsefagarbeidar ( justerast etter stillingsprosent).
  • Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar/ vernepleiar kr 8000 pr. år, andre kr 4000 pr. år. 
 

  • Företag
    Sula kommune
  • Ansökningstiden
    03.11.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6737940
  • Se här för andra jobb från Sula kommune