Company
Sula kommuneApplication deadline
03.11.2026Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6737940Look here for other jobs from Sula kommune
Sula kommune
Geilneset har ledige nattevaktstillingar.
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagane. Kanskje er du vår nye kollega?
Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte, dyktige og robuste medarbeidarar- og søkjer deg med autorisasjon som helsefagarbeidar.
Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar. I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar og arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.
Vi har ledig:
Geilneset 11:
1x 84% fast nattevaktstilling som autorisert helsefagarbeidar. Stillinga er ledig frå snarast.
1x 84 % vikariat på natt som autorisert helsefagarbeidar. Ledig frå snarast og til og med 22.08.27.
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.
Geilneset 11 er ei avdeling som gir heildøgnstilbod til menneske med samansette funksjonsvariasjonar i bustadar for vaksne.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Arbeidstida er lagt til ein fast turnus på natt med 10,5- timarsvakter og arbeid kvar 3. helg.
Kvalifikasjoner:
- Vi søkjer personar med gyldig autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Erfaring frå liknande arbeid er føretrekt.
- Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk.
- Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan.
- Datakunnskap.
- Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
- Krav om førarkort klasse B.
- Politiattest.
- Oppgje referanse.
Personlige egenskaper:
- Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med menneske.
- Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tole stress.
- Arbeide systematisk etter rutinar.
- Bidra til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.
- Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr:
- Eit positivt og engasjert fagmiljø.
- Kompetanseheving og fagleg utvikling.
- Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
- 20 års ansiennitetsstige
- God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
- Lokalt tillegg for helsepersonell. Kr 6500 for helse- og/eller sosialfagleg utdanning, kr 5000 for helsefagarbeidar ( justerast etter stillingsprosent).
- Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar/ vernepleiar kr 8000 pr. år, andre kr 4000 pr. år.
Company
Sula kommuneApplication deadline
03.11.2026Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6737940Look here for other jobs from Sula kommune
-
Avdeling Jetmundgarden har ledige stillingar.
Sula kommune
LANGEVÅG -
Sjukepleiar, helsefagarbeidar og helgestilling
Sunnfjord kommune
FØRDE -
38% vaken nattevakt
Øygarden kommune
Straume -
40% fast stilling som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
Øygarden kommune
Straume -
Juridisk rådgjevar 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME