Ledigt jobb

Øygarden kommune

Fysioterapeut driftsavtale 100% Straume

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Informasjon om arbeidsstad og innhald i avtalen.

Øygarden kommune har ledig driftsavtale for fysioterapeut, psykomotorikk.

Det er i dag en 50% avtale – denne vert auka til 100%.  Fysioterapeuten som sluttar skal over i annan stilling.

Det er 2 fysioterapeutar som pr. i dag driv avtale i Mova sine lokalar på Straume – begge avtalane er relativt nyoppretta. Det er ynskjeleg at desse to dannar eit fysikalsk institutt

Øygarden kommune har 11 driftsavtalar geografisk plassert i Øygarden kommune og 55% i Bergen kommune (retta spesielt mot barn)

Driftsavtalane fysioterapeutane vert administrert frå er eininga Helse, meistring og rehabilitering.

Arbeidsoppgåver:
  • Psykomotorisk fysioterapi; individuelt og i grupper
  • Aktiv tilnærming til pasientane
  • Rettleiing til eigenmestring og fysisk aktivitet
  • Driva kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planar, prioriteringar og utfordringar i den kommunale helsetenesta
Kvalifikasjonar: 
  • Søkjar må vera offentleg godkjend fysioterapeut
  • Psykomotorisk fysioterapeut med rett til å utløysa A9- takst
  • Klinisk kompetanse og erfaring med undersøking, vurdering og behandling innan psykomotorisk fysioterapi
  • Variert erfaring frå ulike pasientgrupper med psykiske og samansette lidingar
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid på ulike nivå og ha god kjennskap til norsk helsevesen
  • Evne til å driva privat fysioterapipraksis med avtale heimel
  • Må ha gode munnleg og skriftleg norske språkferdigheiter
Ønskjeleg med:
  • Søkjarar som i tillegg til psykomotorisk fysioterapi har annan vidareutdanning/kompetanse som er relevant for kommunen sitt tenestetilbod og behov, kan verta føretrekt. (eks. kompetanse innan lymfedrenasje)
  • Erfaring får å driva behandling i gruppe
Personlege eigenskapar:
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Engasjement og serviceinnstilt
  • Evne til refleksjon rundt eiga rolle som fysioterapeut og ansvarsområde, samhandling og pasientforløp
  • Det å vera personleg egna vert vektlagt
Anna

Krav om fagleg oppdatering innan fysioterapifaget

Tildeling av avtale heimel vil skje på dei vilkår som kjem fram av ASA 4313. Alle søkjarar må legge ved relevante vitnemål, referansar og HPR-nr. Ved tildeling krev ein politiattest som nemnd i Helse- og omsorgstenestelova.

Ved tildeling vert det lagt vekt på faglege kvalifikasjonar, evne til å driva privat fysioterapipraksis og det å vera personleg egna.

Praksisen skal drivast etter Lov om helsetenester i kommunen og anna relevant helselovgiving og dei vilkår som kjem fram av ASA 4313

Kontakt:  

Liv Møen  tlf 55096855/ 97540530

Einigsleiar for Helse, meistring og rehabilitering

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga