• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    10.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6073904
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Fysioterapeut med 50 % avtaleheimel

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du ein fagleg engasjert fysioterapeut og har spesiell interesse innan førebygging og opptrening/behandling av eldre? Då må du lese vidare.

Giske kommune har som mål at flest mogleg eldre skal bu lengst mogleg i eigen heim, ha eit aktivt liv og klare seg sjølv best mogleg. Du som fysioterapeut blir derfor ein viktig ressurs inn mot dette målet.

Frå 01.07.2025 har vi ledig fast 50 % avtaleheimel med driftsavtale for offentleg godkjent fysioterapeut med oppstart etter avtale.

Vi i Giske kommune ønskjer at du som privatpraktiserande fysioterapeut skal ha eit ope tilbod til befolkninga, men primært ha fokus på førebygging og behandling av eldre.


 

Kvalifikasjoner:


  • Fysioterapeut med norsk autorisasjon.
  • Vere spesialist eller ha erfaring innan fysioterapi for eldre vil vere ein fordel.
  • Kan vise til kontinuerleg aktivitet innan fagleg utvikling.
  • Ha erfaring med samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse.
  • Erfaring med å effektivisere helsetenester, t.d. oppfølging i grupper, vil vere ein fordel.
  • Ha god forståing for kva det inneber å arbeide som fysioterapeut med avtaleheimel.

Personlige egenskaper:

  • Du er framleis nysgjerrig på faget og opplever deg aldri utlært.
  • Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner.
  • Du har godt humør og er motivert.
  • Du har god arbeidskapasitet.
  • Du kan motivere og leggje til rette for meistring, og involverer pasientane aktivt i behandlingsforløpet.


Vi gjer deg merksam på at tildeling av avtaleheimel med driftstilskot er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b). Vedtak vil bli fatta med utgangspunkt i kvalifikasjonsprinsippet, sett opp mot utlysingsteksten. Vedtaket kan klagast inn etter forvaltningslova kap. VI. Utlysing og tildeling vil følgje dei til ei kvar tid gjeldande retningslinjene fastsett i ASA 4313.

 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    10.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6073904
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune