• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    09.07.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6276858
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Fysioterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vilje til å lukkast saman!

Sula kommune har fått prosjektmidlar og ønsker å starte opp med Vurderingsteam - utvikle modell for tverrfagleg oppfølging. 

Pasientar må få riktige tenester til rett tid, med mål om eit optimalt pasientforløp der bevaring eller gjenvinning av funksjon står i sentrum for oppfølginga. For å få til dette må vi verte meir tverrfaglege i vår oppfølging. Vi ønsker å etablere eit tverrfagleg team som vurderar pasienten sitt behov for tenester og potensiale for å gjenvinne tapt funksjon. Målet for prosjektet er ei tverrfagleg kartlegging, der mellom anna fysio-/ergokompetanse kjem i tillegg til sjukepleiar- og legekompetanse, og der opptrening og eigeninnsats frå pasienten skal kome meir i fokus. Teamet skal gi informasjon om kva for tenester og tilbod som finst i kommunen, og vurderer behov for trening, hjelpemiddel, tilrettelegging av bustad og helseteknologi. Målet er riktige tenester, ikkje færrest mogleg tenester.

Denne stillinga vil høyre til i Rehabiliteringstenesta, som består av 4 fysioterapeutar og 2 ergoterapeutar. Rehabiliteringstenesta jobbar målretta mot størst mulig grad av sjølvhjelp, deltaking og livskvalitet for brukarane. Ein har fokus på rehabilitering, kvardagsmeistring, førebyggjing og friskliv. Vi har starta opp med fallkartlegging og -førebyggjing, vi har trimgrupper på ulike funksjonsnivå og vi har eit tett og godt samarbeid inn mot rehabiliteringsavdelinga på Sulatunet i tillegg til ein del satsing inn mot barn og unge, heimebesøk til alle 80+ og i forhold til velferdsteknologi for å nevne noko. Folkehelseperspektivet og brukaren i fokus med "kva er viktig for deg" er viktige element i rehabiliteringstenesta.

Stillinga vil bidra inn mot fleire av dei ulike felta som rehabiliteringstenesta jobbar med. Det vil mest sannsynleg også bli mogleg å fylle stillinga opp til 100%.

Kvalifikasjoner:

 Norsk offentleg godkjend fysioterapeut

 Erfaring frå arbeid innan rehabilitering.

 Erfaring frå anna relevant arbeid innan førebyggjing

 Faglig oppdatert på relevant kunnskap.

 Datakunnskap og kjennskap til relevante fagsystem.

 God kunnskap i norsk språk, skriftlig og munnleg.

 Førarkort, søkar må kunne disponere eigen bil i tenesta

 Politiattest

Personlige egenskaper:

 Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 Gode samarbeidsevne og kunne sjå tenestene under eitt.

 Kunne arbeide strukturert og heilskapleg.

 God i kommunikasjon

 Gode evner til å motivere andre til å gjere ein innsats.

Vi tilbyr:

 Lønn etter gjeldande tariff

 Svært godt og inspirerande arbeidsmiljø, " her er det godt å vere"

 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    09.07.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6276858
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune