Company
Sula kommuneApplication deadline
09.07.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6276858Look here for other jobs from Sula kommune
Sula kommune
Fysioterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vilje til å lukkast saman!
Sula kommune har fått prosjektmidlar og ønsker å starte opp med Vurderingsteam - utvikle modell for tverrfagleg oppfølging.
Pasientar må få riktige tenester til rett tid, med mål om eit optimalt pasientforløp der bevaring eller gjenvinning av funksjon står i sentrum for oppfølginga. For å få til dette må vi verte meir tverrfaglege i vår oppfølging. Vi ønsker å etablere eit tverrfagleg team som vurderar pasienten sitt behov for tenester og potensiale for å gjenvinne tapt funksjon. Målet for prosjektet er ei tverrfagleg kartlegging, der mellom anna fysio-/ergokompetanse kjem i tillegg til sjukepleiar- og legekompetanse, og der opptrening og eigeninnsats frå pasienten skal kome meir i fokus. Teamet skal gi informasjon om kva for tenester og tilbod som finst i kommunen, og vurderer behov for trening, hjelpemiddel, tilrettelegging av bustad og helseteknologi. Målet er riktige tenester, ikkje færrest mogleg tenester.
Denne stillinga vil høyre til i Rehabiliteringstenesta, som består av 4 fysioterapeutar og 2 ergoterapeutar. Rehabiliteringstenesta jobbar målretta mot størst mulig grad av sjølvhjelp, deltaking og livskvalitet for brukarane. Ein har fokus på rehabilitering, kvardagsmeistring, førebyggjing og friskliv. Vi har starta opp med fallkartlegging og -førebyggjing, vi har trimgrupper på ulike funksjonsnivå og vi har eit tett og godt samarbeid inn mot rehabiliteringsavdelinga på Sulatunet i tillegg til ein del satsing inn mot barn og unge, heimebesøk til alle 80+ og i forhold til velferdsteknologi for å nevne noko. Folkehelseperspektivet og brukaren i fokus med "kva er viktig for deg" er viktige element i rehabiliteringstenesta.
Stillinga vil bidra inn mot fleire av dei ulike felta som rehabiliteringstenesta jobbar med. Det vil mest sannsynleg også bli mogleg å fylle stillinga opp til 100%.
Kvalifikasjoner:
Norsk offentleg godkjend fysioterapeut
Erfaring frå arbeid innan rehabilitering.
Erfaring frå anna relevant arbeid innan førebyggjing
Faglig oppdatert på relevant kunnskap.
Datakunnskap og kjennskap til relevante fagsystem.
God kunnskap i norsk språk, skriftlig og munnleg.
Førarkort, søkar må kunne disponere eigen bil i tenesta
Politiattest
Personlige egenskaper:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Gode samarbeidsevne og kunne sjå tenestene under eitt.
Kunne arbeide strukturert og heilskapleg.
God i kommunikasjon
Gode evner til å motivere andre til å gjere ein innsats.
Vi tilbyr:
Lønn etter gjeldande tariff
Svært godt og inspirerande arbeidsmiljø, " her er det godt å vere"
Company
Sula kommuneApplication deadline
09.07.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6276858Look here for other jobs from Sula kommune
-
Sjukepleiar 80% fast stilling natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 80% vikariat
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Helsefagarbeidar i Heimetenesta
Øygarden kommune
STRAUME -
Fleire stillingar som heimehjelp i heimetenesta
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar fast 100% stilling ved Heimetenesta
Surnadal kommune
SURNADAL