• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    13.11.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5939045
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Fjaler kommune

Fysioterapeut 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som fysioterapeut. Stillinga har faste arbeidsoppgåver innan fysikalsk behandling/opptrening, aktiv på dag grupper og anna friskliv- og helsefremjande arbeid, samt rehabilitering i institusjon.

Evt andre fagområder innan fysiofaget kan på sikt bli aktuelt å utvikle ved behov og interesse/kompetanse for det.

I denne stillinga får du delta i eit samfunnsnyttig og ansvarsfullt arbeid med trygge støttespelarar. Vi har eit kjekt og fagleg utviklande arbeidsmiljø med høg grad av autonomi der ein sjølv tek ansvar for å organiserer arbeidsdagen. Fysio- og ergoterapitenesta held til i lokale ved Helsetunet i Dale i Sunnfjord. Tenesta har 5 heile stillingsressursar fordelt på ein ergoterapeut og 4 fysioterapeutar inkludert turnuskandidat.

Vi ser etter ein person som har interesse for fysikalsk behandling og frisklivsarbeid/rehabilitering. Vi ynskjer oss ein fysioterapeut som likar å jobbe strukturert og målretta med fokus på pasientoppfølging gjennom arbeidsdagen og som har gode samarbeid- og kommunikasjonsevner.

Arbeidsoppgåver
  • Fysikalsk behandling/opptrening, mest individuell kurativ fysioterapi men også gruppebehandling ved behov
  • Aktiv på dag-grupper og anna friskliv- og helsefremjande arbeid
  • Rehabilitering

Kvalifikasjonar
  • 3 årig høgskuleutdanning som fysioterapeut med godkjent autorisasjon
  • Førarkort kl. B
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest må leggast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Er ansvarsbevisst og strukturert
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon
  • Målretta

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.


Vi tilbyr
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Godt arbeidsmiljø
  • Erfarne støttespelarar i kollegiet
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unntak offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    13.11.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5939045
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune